Ose bru: Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Helland (diskusjon | bidrag)
s kart
Reidar T (diskusjon | bidrag)
Meir fakta
Line 1: Line 1:
[[Fil:Ose bru.jpg|thumb|Ose bru 2008{{byline|Reidar T.}}]]
[[Fil:Ose bru.jpg|thumb|Ose bru 2008{{byline|[[Reidar Tveito]]}}]]
[[Fil:Ose bru 1973.jpg|thumb|Ose bru sett frå elva.]]
[[Fil:Ose bru 1973.jpg|thumb|Ose bru sett frå elva.{{byline|Reidar Tveito}}]]
'''Ose bru''' er ei ca. 80 meter lang bru på [[fylkesveg 323]]. Brua, som vart bygd i 1952,<ref>''Ferje mellom Ose og Austad i 1952''. Artikkel og bilde i [[Setesdølen nr. 29, 2011]] side 3</ref> går over [[Otra]] like sør for [[Ose]]. Ose bru har bare ein kjørebane og kjøretøy med totalvekt over 10 tonn kan ikkje nytte brua, noko som er ei ulempe både for landbruk og anleggsarbeid.  
'''Ose bru''' er ei ca. 80 meter lang bru på [[fylkesveg 323]]. Brua, som vart bygd i 1952,<ref>''Ferje mellom Ose og Austad i 1952''. Artikkel og bilde i [[Setesdølen nr. 29, 2011]] side 3</ref> går over [[Otra]] like sør for [[Ose]]. Ose bru har bare ein kjørebane og kjøretøy med totalvekt over 10 tonn kan ikkje nytte brua, noko som er ei ulempe både for landbruk og anleggsarbeid.


Formannskapet i Bygland vedtok på møte [[22. mars 2011]] at arbeid med å planlegge ny bru må inn i «Handlingsprogram for fylkesvegar 2012-2016»<ref>[[Ole Birger Lien]]: ''Vil ha ny bru på Ose''. Artikkel i Setesdølen nr. 26, 2011 side 5</ref>
==Historikk==
Fram til det kom bru over [[Otra]] ved Ose, så nytta folk ei ferje som vart rodd over elva med handemakt. Bygdene på austsida hadde ein skarve veg seg i mellom, men ikkje ut til omverda. Det var eit gamalt ynskje å få ei bru over Otra, og i eit lesarbrev i Fædrelandsvennen og dagbladet Sørlandet den 12. januar [[1946]], gav [[Aslak Austad]] uttrykk for dette:
 
===''Omkring Osebrua''===
''I snart ein mannsalder hev spursmålet om bygging av bru over Otraelva ved Ose-stryken vore til drøfting i heradstyre, fylkesting og på Aust-Agder vegkontor. Denne brua som folk på austsida av Otra treng so sårt, ser det ut til at me må venta på endå ein mannsalder. Det er store bygder med [[Austad]], [[Heistad]], [[Sordal]], [[Viki]] og [[Skore]] som til saman hev 35 bruk med ca. 160 innbyggjarar. Både haust og vår er det ofte «meinist» så det er mest rådlaust for folk og koma over elva. Dette kan vara i fleire vikor. Siste haust gjekk det 1 1/2 månad som folk måtte kava seg fram i isen for å koma over elva.''
 
''Det trengst ikkje meir utgreiing om kravet om å få denne brua. Eg vil rette spursmålet til de herrer i Aust-Agder vegkontor om at de snart hev stunder til å få dette arbeid i sving. Kvifor er mesteparten av dei faste vegarbeidarane oppsagde? Det er lite skogsarbeid på denne tid, so av den grunn kan det ikkje vera? Kvifor skal desse gå ledig? Har vi råd til dette? Er det ikkje nok av arbeidsoppgåver?''
 
''Austad, 11/1-46.  '''Aslak Austad'''''
 
'''I [[1948]] kunne ein lesa i Fædrelandsvennen''' at førebuingane til brua var komen i gong. Planane har vore å ha i tillegg to vegar på austsida, om [[Skofteplass]]-Austad-Heistad og Sordal, og ut om [[Åraksbø]] og vidare over heia til Tovslid i Fyresdal. Vegen til Sordal var då ferdig, og arbeidet på brukara hadde teke til året før, i [[1947]]. Arbeidet med brukara hadde vore vanskeleg då ein var avhengig av lita vassføring i elva.
 
Nå var brukara ferdige, og ordførar [[Jørund Kvåle]] fortalde til avisa at det var vanskeleg å få tak i materialar og jarn, slik at vidare arbeid måtte venta ei tid. Om vegen til Åraksbø fortalde han om vanskar med mykje fjell. Her måtte ein anten ha ein halvtunnel slik som i [[Fånefjell]], eller ein måtte opp i høgda. (Denne vegen kom fyrst i [[1979]], Fylkesveg 323, med [[Heddeneset tunnel]])
 
Mangel på byggemateriell gjorde at arbeidet på brua stoppa heilt opp. Folk i området vart lei av å venta på den etterlengta brua, og det kom til uttrykk i eit lesarinnlegg i Fædrelandsvennen 17. november same år:
 
===''Ose-brua i Bygland''===
''Det er nå lenge sidan det vart lova at det skulde byggjast bru over til den store grenda -- ca. 35 gardar  --  på austsida av Otra, men denne lovnaden vert vel aldri innfridd. Vi rettar herved nokre spørsmål til rette vedkomande:'' 
 
'''''1.''' Kven er ansvarleg for dette uhorvelege somleri?'' 
 
'''''2.''' Er det kommunestyret i [[Bygland]], departementet, fylkestinget eller vegstyret?''
 
''Vil nå be om ei utgreiding, og så ei bøn om å gjera brua ferdig likeså fort som det vert gjort andre stader.''
 
'''''--Aa--'''''
 
'''Ut på hausten [[1951]]''' hadde Fædrelandsvennen ein reportasje om bruarbeidet, med bilete til. Då var hengebrua såpass ferdig at ho kunne trafikkerast med hest. Jarnarbeidet hadde kome på plass om sommaren, og midt i september var også eit plankedekke på plass. Sjølve støypearbeidet kunne ein ikkje gjera om vinteren, slik at brua fyrst vart fullført på førsommaren [[1952]]. Osebrua er lik [[Skagen bru]] i [[Hylestad]].
 
Arbeidet med denne brua tok lang tid. Det var vanskar med materiell like etter at krigen var over, og det hadde vore ulike prioriteringar. Ordførar i Bygland, Jørund Kvåle, hadde bruka sterke ord i fylkestinget, og hadde også vendt seg til statsmaktene for å få fortgang i arbeidet. Ein fjerdepart av kostnadane måtte betalast av kommunen.
 
==Ny bru under planlegging==   
 
Formannskapet i Bygland vedtok på møte [[22. mars 2011]] at arbeid med å planlegge ny bru må inn i «Handlingsprogram for fylkesvegar 2012-2016»<ref>[[Ole Birger Lien]]: ''Vil ha ny bru på Ose''. Artikkel i Setesdølen nr. 26, 2011 side 4</ref>


==Referansar==
==Referansar==
{{reflist}}
{{reflist}}
==Kjelder==
*[[Dagbladet Sørlandet]], 12. januar 1946.
*[[Fædrelandsvennen]], 17. november 1949.
*Fædrelandsvennen, 20. oktober 1951.


==Kart==
==Kart==

Versjonen frå 8. desember 2012 kl. 00:30

Ose bru 2008
Ose bru sett frå elva.
Foto: Reidar Tveito

Ose bru er ei ca. 80 meter lang bru på fylkesveg 323. Brua, som vart bygd i 1952,[1] går over Otra like sør for Ose. Ose bru har bare ein kjørebane og kjøretøy med totalvekt over 10 tonn kan ikkje nytte brua, noko som er ei ulempe både for landbruk og anleggsarbeid.

Historikk

Fram til det kom bru over Otra ved Ose, så nytta folk ei ferje som vart rodd over elva med handemakt. Bygdene på austsida hadde ein skarve veg seg i mellom, men ikkje ut til omverda. Det var eit gamalt ynskje å få ei bru over Otra, og i eit lesarbrev i Fædrelandsvennen og dagbladet Sørlandet den 12. januar 1946, gav Aslak Austad uttrykk for dette:

Omkring Osebrua

I snart ein mannsalder hev spursmålet om bygging av bru over Otraelva ved Ose-stryken vore til drøfting i heradstyre, fylkesting og på Aust-Agder vegkontor. Denne brua som folk på austsida av Otra treng so sårt, ser det ut til at me må venta på endå ein mannsalder. Det er store bygder med Austad, Heistad, Sordal, Viki og Skore som til saman hev 35 bruk med ca. 160 innbyggjarar. Både haust og vår er det ofte «meinist» så det er mest rådlaust for folk og koma over elva. Dette kan vara i fleire vikor. Siste haust gjekk det 1 1/2 månad som folk måtte kava seg fram i isen for å koma over elva.

Det trengst ikkje meir utgreiing om kravet om å få denne brua. Eg vil rette spursmålet til de herrer i Aust-Agder vegkontor om at de snart hev stunder til å få dette arbeid i sving. Kvifor er mesteparten av dei faste vegarbeidarane oppsagde? Det er lite skogsarbeid på denne tid, so av den grunn kan det ikkje vera? Kvifor skal desse gå ledig? Har vi råd til dette? Er det ikkje nok av arbeidsoppgåver?

Austad, 11/1-46. Aslak Austad

I 1948 kunne ein lesa i Fædrelandsvennen at førebuingane til brua var komen i gong. Planane har vore å ha i tillegg to vegar på austsida, om Skofteplass-Austad-Heistad og Sordal, og ut om Åraksbø og vidare over heia til Tovslid i Fyresdal. Vegen til Sordal var då ferdig, og arbeidet på brukara hadde teke til året før, i 1947. Arbeidet med brukara hadde vore vanskeleg då ein var avhengig av lita vassføring i elva.

Nå var brukara ferdige, og ordførar Jørund Kvåle fortalde til avisa at det var vanskeleg å få tak i materialar og jarn, slik at vidare arbeid måtte venta ei tid. Om vegen til Åraksbø fortalde han om vanskar med mykje fjell. Her måtte ein anten ha ein halvtunnel slik som i Fånefjell, eller ein måtte opp i høgda. (Denne vegen kom fyrst i 1979, Fylkesveg 323, med Heddeneset tunnel)

Mangel på byggemateriell gjorde at arbeidet på brua stoppa heilt opp. Folk i området vart lei av å venta på den etterlengta brua, og det kom til uttrykk i eit lesarinnlegg i Fædrelandsvennen 17. november same år:

Ose-brua i Bygland

Det er nå lenge sidan det vart lova at det skulde byggjast bru over til den store grenda -- ca. 35 gardar -- på austsida av Otra, men denne lovnaden vert vel aldri innfridd. Vi rettar herved nokre spørsmål til rette vedkomande:

1. Kven er ansvarleg for dette uhorvelege somleri?

2. Er det kommunestyret i Bygland, departementet, fylkestinget eller vegstyret?

Vil nå be om ei utgreiding, og så ei bøn om å gjera brua ferdig likeså fort som det vert gjort andre stader.

--Aa--

Ut på hausten 1951 hadde Fædrelandsvennen ein reportasje om bruarbeidet, med bilete til. Då var hengebrua såpass ferdig at ho kunne trafikkerast med hest. Jarnarbeidet hadde kome på plass om sommaren, og midt i september var også eit plankedekke på plass. Sjølve støypearbeidet kunne ein ikkje gjera om vinteren, slik at brua fyrst vart fullført på førsommaren 1952. Osebrua er lik Skagen bru i Hylestad.

Arbeidet med denne brua tok lang tid. Det var vanskar med materiell like etter at krigen var over, og det hadde vore ulike prioriteringar. Ordførar i Bygland, Jørund Kvåle, hadde bruka sterke ord i fylkestinget, og hadde også vendt seg til statsmaktene for å få fortgang i arbeidet. Ein fjerdepart av kostnadane måtte betalast av kommunen.

Ny bru under planlegging

Formannskapet i Bygland vedtok på møte 22. mars 2011 at arbeid med å planlegge ny bru må inn i «Handlingsprogram for fylkesvegar 2012-2016»[2]

Referansar

  1. Ferje mellom Ose og Austad i 1952. Artikkel og bilde i Setesdølen nr. 29, 2011 side 3
  2. Ole Birger Lien: Vil ha ny bru på Ose. Artikkel i Setesdølen nr. 26, 2011 side 4

Kjelder

Kart

Laster kart ...