Ose bru

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ose bru med Reiårsfossen i bakgrunnen.
Ose bru, akseltrykk maks 6 t. totalvekt på køyretøy 10 tonn og berre ein bil på brua. 60 år etter opninga i 1952 er ei sterkare og breiare bru ynskjeleg.
Foto: Reidar Tveito
Ose bru i 1959. Faksimile frå Dagbladet Sørlandet.
Foto: G.M.Haugland
Ose bru sett oppe frå Reiårsfossen
Foto: Reidar Tveito
Ose bru sett frå elva.
Foto: Reidar Tveito

Ose bru er ei ca. 80 meter lang bru på fylkesveg 323. Brua, som vart bygd i 1952,[1] går over Otra like sør for Ose. Ose bru har bare ein kjørebane og kjøretøy med totalvekt over 10 tonn kan ikkje nytte brua, noko som er ei ulempe både for landbruk og anleggsarbeid.

Fylkestinget i Aust-Agder vedtok hausten 2016 å ta bygging av ny Ose bru inn i fylkesvegplanen for 2017-2020. Tidlegare var prosjektet med i planen for 2020-2024. Det er sett av 20 millionar kroner til ny bru. Totalkostnaden er rekna til omlag 35 millionar. Bakgrunnen for framskundinga av prosjektet var planane om ny vassfabrikk på Austad.

Historikk, gjennom utklypp frå avisene[rediger]

Fram til det kom bru over Otra ved Ose, så nytta folk båtar eller ei ferje som vart rodd over elva med handemakt. Bygdene på austsida hadde ein skarve veg seg i mellom, men ikkje ut til omverda. I kommunestyremøte 29. desember 1944 vart det ma. sett opp framlegg om sysselsetjingsarbeid av arbeidslause, og øvst på lista stod bru frå Ose til Austad. Det var eit gamalt ynskje å få ei bru over Otra, og i eit lesarbrev, både i Fædrelandsvennen og dagbladet Sørlandet, i 1946, gav Aslak Austad uttrykk for dette:

Omkring Osebrua[rediger]

(12. januar 1946:) I snart ein mannsalder hev spursmålet om bygging av bru over Otraelva ved Ose-stryken vore til drøfting i heradstyre, fylkesting og på Aust-Agder vegkontor. Denne brua som folk på austsida av Otra treng so sårt, ser det ut til at me må venta på endå ein mannsalder. Det er store bygder med Austad, Heistad, Sordal, Viki og Skore som til saman hev 35 bruk med ca. 160 innbyggjarar. Både haust og vår er det ofte «meinist» så det er mest rådlaust for folk og koma over elva. Dette kan vara i fleire vikor. Siste haust gjekk det 1 1/2 månad som folk måtte kava seg fram i isen for å koma over elva.
Det trengst ikkje meir utgreiing om kravet om å få denne brua. Eg vil rette spursmålet til de herrer i Aust-Agder vegkontor om at de snart hev stunder til å få dette arbeid i sving. Kvifor er mesteparten av dei faste vegarbeidarane oppsagde? Det er lite skogsarbeid på denne tid, so av den grunn kan det ikkje vera? Kvifor skal desse gå ledig? Har vi råd til dette? Er det ikkje nok av arbeidsoppgåver?
Austad, 11/1-46. Aslak Austad

I 1948 kunne ein lesa i Fædrelandsvennen at førebuingane til brua var komen i gong. Planane har vore å ha i tillegg to vegar på austsida, om Skofteplass-Austad-Heistad og Sordal, og ut om Åraksbø og vidare over heia til Tovslid i Fyresdal. Vegen til Sordal var då ferdig, og arbeidet på brukara hadde teke til året før, i 1947. Arbeidet med brukara hadde vore vanskeleg då ein var avhengig av lita vassføring i elva.

Nå var brukara ferdige, og ordførar Jørund Kvåle fortalde til avisa at det var vanskeleg å få tak i materialar og jarn, slik at vidare arbeid måtte venta ei tid. Om vegen til Åraksbø fortalde han om vanskar med mykje fjell. Her måtte ein anten ha ein halvtunnel slik som i Fånefjell, eller ein måtte opp i høgda. (Denne vegen kom fyrst i 1979, Fylkesveg 323, med Heddeneset tunnel)

Mangel på byggemateriell gjorde at arbeidet på brua stoppa heilt opp. Folk i området vart lei av å venta på den etterlengta brua, og det kom til uttrykk i eit lesarinnlegg i Fædrelandsvennen 17. november same år:

Ose-brua i Bygland[rediger]

(17. november 1948:) Det er nå lenge sidan det vart lova at det skulde byggjast bru over til den store grenda -- ca. 35 gardar -- på austsida av Otra, men denne lovnaden vert vel aldri innfridd. Vi rettar herved nokre spørsmål til rette vedkomande:
1. Kven er ansvarleg for dette uhorvelege somleri?
2. Er det kommunestyret i Bygland, departementet, fylkestinget eller vegstyret?
Vil nå be om ei utgreiding, og så ei bøn om å gjera brua ferdig likeså fort som det vert gjort andre stader.
--Aa--

Fyrst bru ved Ose, så veg på vestsida av fjorden. Agder Tidend hadde i 1950 ein reportasje frå Aust-Agder fylkesting, der det hadde vore eit skarpt ordskifte då ordførar i Bygland, Jørund Kvåle, hadde teke opp veg- og bruspørsmål. Han refsa fylkestinget avdi han mest vart møtt med lått då han i 1929 hadde teke opp ynskjet om veg på vestsida av Byglandsfjorden. Nå sa han at tilskotet til Ose bru hadde vorte halvvera til årlege 9.000 kr. som igjen ville seie at det då ville gå 17 år innan det var sett av nok pengar til brua. Kvåle avslutta med å seie at Bygland ville kome med ny søknad kvart år framover inntil brua var ferdig. Vegsjef Nilsen forklåra at reduksjonen i løyving var førebels, og at Ose bru måtte gjerast ferdig før ein kunne tenkje på veg på vestsida av fjorden.

Ose måtte klara seg med hengebru[rediger]

I februar 1951 fortalde vegsjef Arne Nilsen til Agder Tidend at Aust-Agder vegvesen hadde ein del bruer under planlegging, og 4 av dei skulle verta ferdige i 1952, Blakstad bru, Storenesbrua i Holt, Skagen bru i Hylestad og Ose bru.

På Ose var det fyrst meininga å ha ein annan brutype, men tilgongen på materialar på denne tida var vanskeleg. For å sleppa endå meir utsetjingar vart planane endra til ei hengebru, som ein den gong meinte var ei brukbar løysing. Ei solid bru som kunne bera 10 tonn, og til om lag same kostnad som fyrst planlagd. Ei anna bru i fylket, Smalsundbrua, laut venta til det vart tilgong på meir sement, fortalde Nilsen.

Arbeidet med Osebrua tok lang tid. Det var vanskar med stålmateriell like etter at krigen var over, og det hadde vore ulike prioriteringar. Ordførar i Bygland, Jørund Kvåle, hadde også vendt seg til statsmaktene for å få fortgang i arbeidet. Ein fjerdepart av kostnadane måtte betalast av kommunen.

Ut på hausten 1951 hadde Fædrelandsvennen ein reportasje om bruarbeidet, med bilete til. Då var hengebrua såpass ferdig at ho kunne trafikkerast med hest. Jarnarbeidet hadde kome på plass om sommaren, og midt i september var også eit plankedekke på plass. Sjølve støypearbeidet kunne ein ikkje gjera om vinteren, slik at brua fyrst vart fullført på førsommaren 1952. Osebrua er lik Skagen bru i Hylestad.

Ose bru vart opna i 1952[rediger]

Tysdag 9. september. Ein skribent, underteikna som Fak., hadde eit referat frå kommunestyremøte i Bygland, og skreiv ma.:

I siste heradstyremøte vart det dryfta ymse ting i samband med den offisielle åpning av Ose bru i dag, tysdag 9. september. Ein reknar med stort frammøte av bygdefolk - so mykje av arrangementet vil bli avvikla ute på brua dersom det vert godver. Ellers so kjem heile heradstyret til å møta - og det er innbedne mange. Fylkesmann og vegsjef og dei arbeidsfolk som har stade for arbeidet med brua er mellom andre innbedne til eit festsamvær på Ose Turistheim.

Ny bru under planlegging[rediger]

Formannskapet i Bygland vedtok på møte 22. mars 2011 at arbeid med å planlegge ny bru må inn i «Handlingsprogram for fylkesvegar 2012-2016»[2]

Referansar[rediger]

  1. Ferje mellom Ose og Austad i 1952. Artikkel og bilde i Setesdølen nr. 29, 2011 side 3
  2. Ole Birger Lien: Vil ha ny bru på Ose. Artikkel i Setesdølen nr. 26, 2011 side 4

Kjelder[rediger]

  • Heradsnytt frå Bygland, Fædrelandsvennen, 3. januar 1945.
  • Omkring Ose-brua, Dagbladet Sørlandet, 12. januar 1946.
  • Ose-brua i Bygland, Fædrelandsvennen, 17. november 1949.
  • Vil det gå 34 år før Bygland får veg på vestsida av fjorden? Agder Tidend, 19. april 1950.
  • Ose i Setesdal må klara seg med hengjebru, Agder Tidend, 14. februar 1951.
  • Ose bru kan trafikerast, Fædrelandsvennen, 20. oktober 1951.
  • Ose bru i Bygland vert opna offisielt i dag, Dagbladet Sørlandet, 9. september 1952.
  • Ole Birger Lien, Ny Ose bru fram i køen, artikkel i Setesdølen nr. 86, 2016, side 7

Kart[rediger]

Laster kart...