Viki

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Viki er ein gard (gnr. 44) sentralt i Vallebygda. Garden ligg nord for Rike og grenser til Kyrvestad i nord. Vikevegen går frå Nordibøvegen inn til husa i garden.

Historie[rediger]

Garden er tvillaust nokså gamal, skriv Alfred Ryningen i Gards- og ættesoga for Valle.[1] Busetnaden i Valle skal gå tilbake til dei første hundreåra av vår tidsrekning. Viki er truleg ein av dei eldre verestadane. I ei hovudoppgåve har Sigrid Bø peika ut Viki som opphavsgarden i Valle sokn.[2]

Viki-bøndene hadde kvernhusa sine i Vikebekk som renn mellom Viki og Kyrvestad.[3] Støylane var i Stavedalen, på Midtfjøddi og på Håvestøyl i Finndalen. Støylsdrifta på Viki tok slutt ikke lenge etter 2. verdskrigen.[4]

Litteratur[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 235
  2. Sigrid Bø, Landtal, leidang og agrarkrise, hovudoppgåve i historie
  3. Valle IV side 238
  4. Valle IV, side 242

Kart[rediger]

Laster kart...