Når det gjelder arrangement i Setesdalswikis kalender: sjekk med arrangøren før du reiser – mange arrangement avlyses dessverre pga corona.
Dette har vi ikke mulighet til å følge godt nok opp.

Skore

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Skore.

Skore er ein fråflytta gard (gnr. 16) oppe i lia aust for Ose, på austsida av Otra, nord i Bygland. Garden grensar til Søndre Austad i nord og Åraksbø i sør. Grensa mot Åraksfjorden (Otra) i vest er ca to km. Totalt areal på garden er rundt 2 300 dekar.

Kvar sommar er det støylsgudsteneste på Skore andre sundag i juli.

Historie[rediger]

Skore må i si tid ha gått ut frå Austad. Når dette skjedde veit ein ikkje. Men garden må ha blitt lagt øyde i tida etter Svartedauden (etter 1350). I nyare tid kom det folk på Skore rundt 1620. Garden blei fråflytta ut på 1960-talet. Dei siste som dreiv garden var to jenter som blei kalla «Skorsjentene», Gro Gunnarsdotter Skore (f. 1880, d. 1966) og Gyro Gunnarsdotter Skore (f. 1889, d. 1978). Frå mor deira døydde i 1918 var dei ansvarlege for alt «kvinnfolkarbeid» på garden. Etter at far deira, og seinare broren Bjørgulv blei borte, hadde dei også ansvaret for sjølve gardsdrifta. Dei var flittige og arbeidde mest natt og dag. Det var velstand på Skore, og jentene såg til at garden var i god stand, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt. Dei dreiv han så lenge dei kunne. Til sist kravde alderen sitt, og dei kom på Byglandsheimen.

Etter at Gro og Gyro var borte, gjekk garden tilbake til Gunhild Tvedt Skore (f. 1916, d. 1994). Ho fekk bygd ny gardsveg til Skore. Han stod ferdig mot slutten av 1980-åra. Etter Gunhild overtok Olav Øygarden garden ved testament.

Husmannsplassar[rediger]

Skore har alltid vore bare eitt bruk. Men ut på 1700-talet blei det rydda to husmannsplassar: Heddeneset og Skorsplass.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...