Dagbladet Sørlandet

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Tabloidavisa Nye Sørlandet, 1. juni 1987

Dagbladet Sørlandet var ei avis som kom ut mellom 1907 og 1991. Avisa var eit organ for Det norske arbeidarpartiet, og kom ut i Kristiansand.

Historikk

Sørlandets Social-Demokrat vart igongsett av snikkarmeistar Olav Brundvand i 1906, og i 1913 flutte avisa inn i eit eige nyoppført bygg i Dronningensgate 34 i Kristiansand. Etter eit politisk skilje, føretrekte avisa å fylgje Arbeidarpartiet, og endra då namn til Sørlandet den 30. april 1923.

Den 25. september 1986 vart avisa avvikla av dei lokale eigarane, men heldt fram utan stans under namnet Nye Sørlandet med finansmannen Trygve Hegnar som ny eigar. Etter berre to år gav Hegnar opp drifta, og nye eigarar tok over avisa 1. august 1988, KG Holding A/S. Igjen utan avbrot kom avisa ut under namnet Morgenavisen Sørlandet.

Avisa gjekk konkurs i mars-april 1989, og dei tilsette tok over drifta fram til 29. august same år, då det til sist vart ei styrt avvikling av avisa.

Ein siste freistnad på drift gjekk føre seg mellom 25. oktober 1989 og 6. februar 1990, då med utgåve ein til to gonger i veka. Avisa slo seg sjølv konkurs til slutt. Ein epoke var over, og sidan har tidlegare venstre-avisa, og seinare politisk uavhengige Fædrelandsvennen rådd grunnen åleine i kristiansandsregionen som abonentavis.

Journalistar og andre frå Sørlandet hamna i NRK Sørlandssendinga eller i andre aviser, eller dei nytta sine røynsler i andre yrke. Forlagsrettane har sidan vore eigd av tidlegare redaktør Svein Erik Helvik, med avisa sitt rikhaldige fotoarkiv deponert i Statsarkivet i Kristiansand.


Kjelder

  • Arkivportalen, Statsarkivet i Kristiansand, 13. desember 2012.
  • Lars Helge Rasch
  • Arne Tumyr
  • Svein Erik Helvik