Arnstein: Skilnad mellom versjonar
s →Utgjevingar: 2009 |
|||
| Line 9: | Line 9: | ||
==Utgjevingar== | ==Utgjevingar== | ||
{{kolonner}} | |||
*[[Arnstein 2014]] | *[[Arnstein 2014]] | ||
*[[Arnstein 2013]] | *[[Arnstein 2013]] | ||
Versjonen frå 30. januar 2015 kl. 23:44

Arnstein er eit årsskrift for Evje og Hornnes sogelag. Føremålet med skriftet er å halde farne tider i minne.
I skriftstyret sit (2014) Oddmund Mogstad, Erik Kjebekk, Ivar Haugen, Kåre Hodne, Rita Flottorp, Eva Haugen Sørgaard og Anfinn Lislevand.
Sogelaget tok til å gje ut Arnstein i 1994. Dette var i Mogstad si tid som leiar. Han og Torgrim Dåsnes var dei som i første rekke drog bladet i gang. Mogstad har hatt hovudansvaret for årsskriftet sidan.
Årsskriftet er kalla opp etter Arnstein, som er den første mannen i bygda ein kjenner namnet til. Han reiste rundt år 1016 ein bauta på Listeinsmoen i Rosseland mark i Evje til minne om son sin, Bjor, som fall i Knut den Mektige sin hær i England då han la landet under seg. Delar av bautaen (Galtelandsteinen) er teken vare på og ligg i Universitetets Oldsaksamling i Oslo. Ein kopi av bautaen er i nyare tid sett opp i Fossvik på Verksmoen (Listeinsmoen) på Evje.
Utgjevingar
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990
- Arnstein 2012
- Arnstein 2008