Johan Hegland (1872): Skilnad mellom versjonar
Johan Hegland |
s Harald Haugland flyttet siden Johan Hegland til Johan Hegland (1872) uten å etterlate en omdirigering |
||
| (4 mellomliggjande versjonar av 2 brukarar er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Johan Hegland''' (fødd 10. april | {{Person | bilde = | bildetekst = | fdag = 10| fmåned = 4| får = 1872| ddag = 12| dmåned = 3| dår = 1952| skjulfødselsdag = }} | ||
'''Johan Hegland''' (fødd 10. april 1872 i Gyland) var bøkkar, sagbrukseigar, bustadbyggar og gardbrukar i [[Evje]]. Han spelte ei viktig rolle i utviklinga av stasjonsbyen Evje. | |||
Hegland var frå Gyland i Vest-Agder. Han lærte seg sjølv til bøkkar (tønnemakar) og arbeidde med det i nokre år. Han var i Strømstad i Sverige og hos Brødrene Jernes i Kristiansand. I 1898 kom han til Evje som sagmeister for [[Gudbrand A. Henriksen]] på [[Evje nikkelverk]]. I 1900 gjekk han saman med Henriksen om sagbruket. I 1908 overtok han sagbruket aleine. Denne første tida budde han i [[Fossvik]]. Seinare budde familien mellom anna i [[Heglandshuset]] i Evje sentrum, der den svære [[Sentrumsgården]] nå står. | Hegland var frå Gyland i Vest-Agder. Han lærte seg sjølv til bøkkar (tønnemakar) og arbeidde med det i nokre år. Han var i Strømstad i Sverige og hos Brødrene Jernes i Kristiansand. I 1898 kom han til Evje som sagmeister for [[Gudbrand Henriksen|Gudbrand A. Henriksen]] på [[Evje nikkelverk]]. I 1900 gjekk han saman med Henriksen om sagbruket. I 1908 overtok han sagbruket aleine. Denne første tida budde han i [[Fossvik]]. Seinare budde familien mellom anna i [[Heglandshuset]] i Evje sentrum, der den svære [[Sentrumsgården]] nå står. | ||
Hegland kjøpte opp hustomter i stasjonsbyen som var i ferd med å vekse fram. Han sette opp ni hus, som han selde vidare. Husa blei sett opp med materialer frå sagbruket hans på [[Verksmoen]]. Han var også interessert i jorddyrking. Han kjøpte 20 mål jord på [[Grenjåmyra]] av Gudbrand Henriksen, og dyrka opp dette arealet. | Hegland kjøpte opp hustomter i stasjonsbyen som var i ferd med å vekse fram. Han sette opp ni hus, som han selde vidare. Husa blei sett opp med materialer frå sagbruket hans på [[Verksmoen]]. Han var også interessert i jorddyrking. Han kjøpte 20 mål jord på [[Grenjåmyra]] av Gudbrand Henriksen, og dyrka opp dette arealet. | ||
| Line 15: | Line 16: | ||
{{DEFAULTSORT:Hegland, Johan}} | {{DEFAULTSORT:Hegland, Johan}} | ||
[[Kategori:Fødsler i 1873]] | [[Kategori:Fødsler i 1873]] | ||
[[Kategori: | [[Kategori:Dødsfall i 1952]] | ||
[[Kategori:Døde personer fra Evje og Hornnes kommune]] | |||
Siste versjonen frå 1. februar 2020 kl. 00:11
| Johan Hegland (1872) | ||
|---|---|---|
| Født: | 10. april 1872 | |
| Død: | 12. mars 1952 (79 år) | |
Johan Hegland (fødd 10. april 1872 i Gyland) var bøkkar, sagbrukseigar, bustadbyggar og gardbrukar i Evje. Han spelte ei viktig rolle i utviklinga av stasjonsbyen Evje.
Hegland var frå Gyland i Vest-Agder. Han lærte seg sjølv til bøkkar (tønnemakar) og arbeidde med det i nokre år. Han var i Strømstad i Sverige og hos Brødrene Jernes i Kristiansand. I 1898 kom han til Evje som sagmeister for Gudbrand A. Henriksen på Evje nikkelverk. I 1900 gjekk han saman med Henriksen om sagbruket. I 1908 overtok han sagbruket aleine. Denne første tida budde han i Fossvik. Seinare budde familien mellom anna i Heglandshuset i Evje sentrum, der den svære Sentrumsgården nå står.
Hegland kjøpte opp hustomter i stasjonsbyen som var i ferd med å vekse fram. Han sette opp ni hus, som han selde vidare. Husa blei sett opp med materialer frå sagbruket hans på Verksmoen. Han var også interessert i jorddyrking. Han kjøpte 20 mål jord på Grenjåmyra av Gudbrand Henriksen, og dyrka opp dette arealet.
Johan Hegland var engasjert i lokalpolitikken. Han sat i kommunestyret 1916-1925, for Venstre. Han var med i skulestyret, fattigstyret, overlikningsnemnda og bustadnemnda. Han blei mykje nytta som takst- og skønsmann. Han var med i fleire kristelege organisasjonar i bygda.
Johan Hegland var gift med Tonette Hegland. Dei hadde fleire born, mellom anna Nils Hegland som døydde i tysk krigsfangenskap under 2. verdskrigen.
Kjelder
- Sigmund Monen, Evje nikkelverk og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 24-27
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 199