Sentrumsgården

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Sentrumsgården i august 2015.

Sentrumsgården er eit stort kombinert forretnings- og leilighetsbygg med parkeringskjellar midt i Evje sentrum, på austsida av Nils Heglands veg. På andre sida av gata ligg det svære Sentrumsbygget. På gateplan inneheld Sentrumsgården butikkar. Det er (2016) apotek, Nille, Tip Top Burgers & Sånt og KIWI Evje. I andre og tredje etasje er det bustader. Bygget blei oppført i 2014.

Regulering

Bygget er oppført med heimel i Detaljplan for gnr. 50 bnr. 20, 47, 50, 203 Evje sentrum (planID 201110). Dei aktuelle eigedomane var i utgangspunktet tenkt regulert saman med resten av sentrumsområdet, som ein del av områdeplan Evje sentrum. I planprosessen blei det bestemt å skille området ut som ein eigen plan, ut frå ønske om ein raskast mogeleg avklaring av dette mindre området.

Kjelder