Vetrhus

Vetrhus er ein nedlagt heiegard (gnr. 13) nord-vest i Evje og Hornnes, på vestsida av Vetrhusvatnet på heia mellom Byglandsfjord og Dåsvannsdalen. Han er nabogard til Yksenskor. Garden høyrde mest truleg til Moseid i eldre tider, men vart skild frå denne eingong på andre halvdel av 1500-talet. Namnet er då sjølvforklarande; han var ein stad der ein kunne overvintre med dyra så ein slapp å køyra foret til Moseid.
Det var same slekta som sat med Vetrhus i fleire hundre år. Men tobakksfabrikanten A. Asbjørnsen i Kristiansand kjøpte garden i 1934. Frå den tid er det han og borna hans som har eigd eigedomen. Opp gjennom åra var det fleire forpaktarar. To av dei siste var Salve Lindland frå 1950 og Godtfred Sundstøl frå 1955 til dei gamle husa brann ned i 1957.
Garden var utan køyreveg heilt fram til sist på 1970-talet, då skogsbilvegen frå Håvestøl i Åseral til Yksenskor vart bygd. Då vart det og laga ein arm til Vetrhus.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 306-316
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, Arnstein 2006, side 32
- Tilla Valstad, Tora Vetrhus - ei heigardskjærring, Arnstein 2003, side 16-20
- Om Vetrus i Bygdekalender for Evje og Hornnes 2017, utgjeve av Evje og Hornnes Mållag