Vetrhusvegen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Vetrhusvegen og garden Vetrhus.

Vetrhusvegen er ein om lag to kilometer lang privat grusveg på heia frå Yksenskårvegen ved Nautevaknuttane til garden Vetrhus og Vetrhusvatnet nord-vest i Evje og Hornnes kommune. Heiegarden Vetrhus var veglaus heilt fram til 1978-1979, då Yksenskårvegen vart bygd frå Fylkesveg 353 ved Håvestøl i Fiskårdalen i Åseral fram til garden Yksenskor i Evje og Hornnes. Samstundes som vegen til Yksenskor kom, laga ein avstikkaren til Vetrhus. Yksenskårvegen er stengd med bom, så ein må ha avtale med grunneigaren for å køyre med bil på både den vegen og Vetrhusvegen.

Kjelder

Kart

Laster kart...