Vetrhusvatnet
Hopp til navigering
Hopp til søk

Vetrhusvatnet sett sørover frå austsida av vatnet.
Foto: Geir Daasvatn
Vetrhusvatnet er eit vatn på heia (469 moh.) mellom Byglandsfjorden og Dåsvannsdalen heilt nord-vest i Evje og Hornnes. Vatnet er omlag 0,8 kvm2 stort. Ut frå vatnet og inn i Skjerka renn Krokebekken. Vetrhusvatnet er såleis ein del av Skjerka-vassdraget. Ved vestbreidda av vatnet ligg den nedlagte heiegarden Vetrhus. Det går skogsbilveg fram til garden og vatnet. Nord for vatnet ligg den gamle øygarden Kjåkedal.
Det var godt aurefiske i Vetrhusvatnet i eldre tider. Vetrhusvatnet ligg på sida av Skjerka, og det renn ein stor bekk frå vatnet og ut i elva. Der drog dei not før, og kunne få opp til 30 kilo i kastet.
Kjelder[endre]
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 24 og 181
Kart[endre]
{{#display_map: 58.68552689610452,7.6663970947265625~Vetrhusvatnet Hornnes}}