Bygdekalender for Evje og Hornnes 2017

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Framsida til kalenderen. Torbjørn Singer Tveit.

Bygdekalender for Evje og Hornnes 2017 er utgjeven av Evje og Hornnes Mållag. Kalenderen er til sals mellom anna på Norli Evje i Sentrumsbygget i Evje. Prisen er 100 kroner.

For kvar månad har kalenderen eit historisk bilete frå bygdemiljøet i tidlegare tider. Kvart bilete er følgd av ei lita historie om kva biletet syner. Kalenderen blir på den måten som ei spennande lokalhistorisk bok i miniatyrformat. Framsida er pryda av eit bilete av honndølen og symaskinagenten Torbjørn Tveit («Singer») og bilen hans. På baksida er det som truleg er det aller første biletet av Evje sentrum. Biletet er teken omkring 1890. Dei to siste sidene før baksida inneheld ein presentasjon og flotte karikaturteikningar av tre av dei mest sentrale dugnadsfolka då Otrahallen blei bygd 1984-1985, Odd Harald Robstad, Sigbjørn Kjetså og Arne Daasvatn. Teikningane er utførte av Yngvar Uleberg, som opp gjennom åra har hatt ei lang rekke fornøyelege teikningar i Setesdølen.

Kjelder[rediger]

  • Kalenderen