Evje barneskule

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
"Nye" Evje barneskule 23. november 2020.
"Nye" Evje barneskule under oppføring 9. mars 2020.
Foto: Geir Daasvatn
Evje barneskule under regnbogen sommaren 2014.
Foto: Geir Daasvatn

Evje barneskule ligg på Sindremoen i Evje, rundt ein kilometer nord for Evje sentrum. Han er ein av to barneskular i Evje og Hornnes kommune. Den andre ligg på Jortveit i Hornnes.

På same staden som Evje barneskule ligg Evje ungdomsskule. Dei tidlegare bygningane til barneskulen var reist i 1956-1957. Eit heilt nytt skulebygg stod klar til bruk 1. desember 2020. Bygningane til ungdomsskulen og gymnastikkbygget med symjehall kom noko seinare, i åra 1963-1966. Det er bygd ny fleirbrukshall ved skulane. Hallen erstatta den gamle gymnastikksalen, som ikkje lenger tilfredsstillte krava til slike bygg i dag. Gymsalen er i staden bygd om til tilhaldsstad for SFO.

Skulen har om lag 200 elevar og 32 tilsette. Rektor (2020) er Erlend Hunshamar. Oppæringsmålet er både bokmål og nynorsk. Skulen er sjudelt, og det er ein bokmåls- og ein nynorskklasse på kvart trinn frå 1. til 7. klasse.

Dei siste åra har skulen satsa på uteskule, og har eit fint område i nærleiken av skulen der foreldra har vore med og laga fine leirplassar.

Skulen har innført læringsplattformen FRONTER på alle trinn frå 1. - 7. klasse. Læringsplattformen nyttast både i undervisning, til innleveringar, lekser og prøver.

I løpet av dei siste åra har det blitt investert i mykje nytt datautstyr på skulen. I tillegg til datarom har mellomtrinnet fått 40 nye bærbare datamaskiner som dei kan nytte seg av i undervisninga. Alle klasserom frå 4. - 7. klasse har også fått fastmonterte projektorar, noko som har gjort det lettare for lærarane å nytte seg av IKT i undervisningssamanheng i klasserommet. Dei same klasseromma har og fått heilt nye whiteboard-tavler. Desse kan brukast både som tavle og som lerret/skjerm til framlegg av prosjekter eller foredrag samt i undervisninga.

Rehabilitering

I ekstraordinært kommunestyremøte 10. oktober 2019 vedtok Evje og Hornnes kommunestyre ei total rehabilitering av heile skulen. Den eldste delen skulle rivast og erstattast av ein ny fløy. Den resterande bygningsmassen skulle totalrenoverast. Arbeida hadde ei kostnadsramme på 71 millionar kroner. I byggeperioden hadde elevane mellombels tilhald i ombygde lokale ved det tidlegare Odde Sagbruk.

Tilsette

Kjelder

Eksterne lenker