Geiskeli (Bykle gnr. 3 bnr. 7)
Geiskelier eit gardsbruk (Bykle gnr. 3 bnr. 7) aust for Riksveg 9, nord for Berdalsbru på veg mot Hovden, i Bykle. Det er oppført mange fritidsbustadar på eigedomen. Til eigedomen høyrer også svære heie- og fjellvidder heilt austover til grensa mot Fyresdal. Heimelshavar til eigedomen i dag er Kay Arne Jeiskelid.
Historie[rediger]
Helleik Sigbjørnsson Glidbjørg (fødd 1876, død 1974) hadde bruket under 2. verdskrigen. Han og kona Margit Knutsdtr. Breive (fødd 1877, død 1944) hadde ni born; sju søner og to døtre. Alle helleiksønene, mellom dei Salmund Gjeiskelid, skal ha vore aktive motstandsmenn under 2. verdskrigen.
Kjelder[rediger]
- Artikkelen om Geiskeli på Lokalhistoriewiki.no, tufta på Aanund Olsnes sin omtale av gardsbruket i Heimar og folk i Bykle
- Norgeskart.no
- Elektronisk grunnbok for eigedomen hos Statens Kartverk
Kart[rediger]
Laster kart...