Knut Hoslemo

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Hoslemo
Knut Hoslemo Svein Hovden.jpg
Knut Hoslemo med Svein Hovden.
Foto: Bilete frå Åshild Hoslemo via Setesdalsmuseet. Trykt i Heimar og folk i Bykle b II s 147.
Født: 23. juni 1889
Død: 30. november 1929 (40 år)

Knut Hoslemo (fødd 23. juni 1889, død 30. november 1929) var lærar i Lunde i Telemark (1913–1916), i Kvilldal i Suldal 1917–1919), på Tonstad i Sirdal (1919–1920) og frå hausten 1920 i heimbygda Bykle. Han var også ein aktiv skribent, med mange dikt og avisartiklar på trykk. Han var sterkt interessert i bygdesoge og folkeminne. Han skreiv mellom anna opp mykje tradisjonsstoff etter Svein Hovden.

Hausten 1929 fekk Knut lungebetennelse, og døydde bare kort tid etter.

Mange av dei sogene Knut skreiv ned etter Svein Hovden og andre er samla av Olav M. Holen og Kjell Erik Guddal i Meir gamalt or Sætesdal I (2015).

Familie

Foreldra til Knut var Olav K. Vatnedalen (f. 1863, d. 1948) og Ingebjørg T. Vatnedalen (f. Hoslemo 1857, d. 1908). Olav var frå Vatnedalen Der hite. Ingebjørg kom frå Nigard Hoslemo. Då Knut blei fødd budde dei i Edland i Vinje, der Olav dreiv som bygningsmann. Frå 1894 var dei i Hoslemo. I 1896 kjøpte Olav Nordigard Hoslemo på auksjon, og familien busette seg der.

Kjelder

Eksterne lenker