Bykle kultursoge

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Framsida

Bykle kultursoge er ei samling av fleire kulturskrifter i ei bok. Det er første og andre del av kultursoga for Bykle (1966 og 1974), heftet Frå Brattland til Minnesota (1977), heftet Jeremias S. Bykles liv og vandring (1978), boka Gamle mattradisjonar frå øvre Setesdal (1987) og Tamreindrift i øvre Setesdal (1988). Ved den samla utgjevinga vart stoffet utvida og biletmaterialet auka.

Kultursoga kom ut i 1993. Knut Gjerden var redaktør for boka. Han ordna stoffet, skreiv tilleggsartiklar og samla biletstoffet. Gro Nomeland Gjerden, Knut Moen Trydal, Tarald Nomeland og Aasmund Tveiten skreiv også artiklar. Folke Nesland teikna karta. Mange andre hjelpte til med å få boka ferdig.

Bykle kommune utnemnde ei bygdesogenemnd til å ha det kommunale ansvaret for kultursoga. Kjetil Lidtveit var leiar, og Vigdis Jeiskelid og Hallvard O. Trydal medlemer.

Kjelder[rediger]

  • Boka, føreordet