Meir gamalt or Sætesdal I
Hopp til navigering
Hopp til søk

Omslaget til boka. Biletet syner Svein Hovden som fortel til Knut Hoslemo. Fotografen er ukjend, men biletet er utlånt til bruk i boka av Reidun Hoslemo via Setesdalsmuseet.
Meir gamalt or Sætesdal I er ei bok utgjeve i 2015 av Olav M. Holen. Boka er ei samling av soger frå Setesdal og nokre frå Vest-Telemark. Dei fleste av sogene har tidlegare stått på trykk i Agder Tidend i tidsromet 1920–1930. Olav M. Holen og Kjell Erik Guddal har samla stoffet og tilrettelagt det for utgjeving i bokform. Boka er utgjeve på eige forlag. Ho har 274 sider.
Mesteparten av sogene i boka er førde i pennen av Knut Hoslemo. Mykje av dette er skriva ned frå sogemannen Svein Hovden, men ein del kjem også frå Knut Hoslemo sjølv. Svein Hovden kom frå Grungedal i Telemark. I boka er det difor tatt med ein del soger, særleg dyresoger, frå Vest-Telemark.
Innhald
- Fyreord
- Svein Hovden
- Gode grannar i Setesdal
- Bykle - Haukeliveden
- Sterke-Saavi
- Pilt-Ola
- Fraa gamle dagar
- Kjetil - Tjoven
- Kong Oscar II´s reise
- Den eldste i Bykle
- Ein norsk mystikar
- Maurelidane
- Om Knut Hakeson og slekti hans
- På leiting
- Dyresogor
- Dagboknotat
- Reisebrev