Halvtunnelen i Fånefjell

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Halvtunnelen 3. juni 2019.

Halvtunnelen i Fånefjell er ein gamal vegtrasé på Setesdalsvegen rundt Lisle Fånefjell i Bygland. Vegstykket var i bruk 1923-1963.

Historie

Setesdal Bilruter tok til med rutebussar frå Ose til Berdalsbru i 1920, kom det krav om veg rundt Lisle Fånefjell. Denne vart opna i 1923. På grunn av den svært bratte fjellsida og faren for ras, vart vegen delvis sprengt inn i fjellet som halvtunnel. Vegen følgjer langs fjorden på ei fylling av tørrmurt stein. I 1940 blei det bygd ein treoverbygning mot ras. Denne stod oppe til vegen vart lagt ned i 1963. Aukande trafikk førte til stadige utbetringar av vegen, mellom anna utviding av halvtunnelen.

Ved utbygginga av Brokke kraftverk måtte ein få fram større køyretøy. Halvtunnelen blei for trong. I 1963 blei ny veg difor lagt i tunnel gjennom fjellet. Då slapp ein også unna rasproblema på vegen langs fjorden.

Kjelder

Statens vegvesen sine informasjonstavler ved Fånefjell

Sjå også