Berdalsbru

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Berdalsbru 12. januar 2017.

Berdalsbru er ei grend i Bykle. Ho har namn etter Berdalsbru over Otra, og ligg på vestsida av elva, mellom Hoslemo og Berdalen. Det er ei lita bygd, med nokre få bustader på eigedomar utskilde frå Hoslemogardane. Hoslemo bedehus ligg ved Berdalsbru.

Ved Berdalsbru går det veg vestover på lag 4 kilometer til dei svære Vatnedalsdammane.

Historie[rediger]

I slutten av april 1940 blei den flotte steinkvelvbrua over Otra ved Berdalsbru sprengd av norske motstandsfolk. Tyskerane fekk til ei mellombels bru, inntil ein fekk bygd opp ei ny bru av tømmer. Dagens bru er frå 1962.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...