Smalevatn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Den breie (austre) enden av Smalevatn. Nilsodden stikk ut i vatnet.

Smalevatn er eit lite vatn (1160 moh.) i Bykleheiene i Bykle, mellom Skargjevatnet og Store Urevatn langs anleggsvegen frå Nordbygdi inn til Store Urevatn. Nord-aust for vatnet ligg Reinevatn. Mellom Smalevatn og Store Urevatn ligg fjellet Smalevasseggi (1322 moh.). På andre sida av vatnet, mot sør, ligg Venedalsristi (1261 moh.).

Rett nord for austre enden av Smalevatn ligg Ulvetuva, som det er knytta ei tragisk segn til. Ei gravid mor skal ha blitt drepen av ulvar her. Ute i sjølve vatnet ligg Nilsodden. Her skal den unge guten Nils Ørnefjell (1823-1841) ha frose i hjel seint på vinteren 1841.

Sjå også[rediger]

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...