Bommen, rundkøyringa og andre vegendringar rundt Byglandsfjord

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bommen rundkøyringa mm bokomslag.jpg

Bommen, rundkøyringa og andre vegendringar rundt Byglandsfjord mellom 1981 og 2018 er eit lokalhistorisk hefte, det siste i ein serie på tre hefte, om utviklinga av vegnettet omkring Byglandsfjord. Heftet er såleis eit framhald av Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord, som kom ut i 2017, og Ferja, brua og ny-vegen i og omkring Byglandsfjord, som kom i 2018. Utgjevingsår for dette siste heftet er 2019. Forfattar er Reidar Tveito. Ved sida av mykje interessant lokalhistorisk stoff, inneheld heftet ei stor mengde historiske og nyare bilete. Dei fleste bileta er forfattarens eigne. Heftet er trykt hos Bjorvand & Co AS i Kristiansand. Det har 52 sider. Pris: 130 kroner. Heftet er å få kjøpt mellom anna på Coop Marked Byglandsfjord, og hos Norli Evje. ISBN 978-82-691242-1-7.

Innhald

  • Innleiing (side 3)
  • Birkelands gate vart endra, 1981-1982 (side 4)
  • Vassendøyvegen, 1984-1986 (side 8)
  • Gangveg til Revsnes, 1986 (side 14)
  • Rundkøyring i Senumskrysset, 1999 (side 16)
  • Bomstasjonen, 2003-2008 (side 28)
  • Byglandsfjord fekk miljøgate, 2007 (side 36)
  • Gangveg til Vassend, 2011 (side 44)
  • Senumsvegen fekk fortau, 2018 (side 50)

Kjelder

  • Heftet