Jan Olsen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan OlsenSymbol unrelated.svg
Født: 14. mai 1952 (70 år)

Jan Olsen (født 14. mai 1952 i Arendal) er skogsarbeidar i Bygland sidan 1970. Han bur i Jordalsbø, heilt på toppen. I 1999 starta han Sykler til Cuba, eit prosjekt som har engasjert heile Setesdal i å skaffe brukte syklar og etter kvart anna utstyr som vert sendt til Cuba kvart år, og som han den første tida sjølv stod for utdelinga av, men som i den seinare tid også cubanarane sjølv deler ut. Men han passar på å kontrollere utdelinga så godt som råd også av det dei deler ut. I den seinare tida har også sportsutstyr, skulemateriell, datautstyr, klede og sko stått på lista over det han samlar inn.

Han er avhengig av donasjonar til å dekke transport og innkjøp av dekk og deler til syklane. Frakta for ein container ligg på om lag 30.000 kroner i 2010. Han sender to containarar i året, ofte rundt 500 syklar. Den tida han er i Norge, brukar han til å fortelje om prosjektet alle stader han slepp til.

Kvar morgon køyrer han Fædrelandsvennen til abonnentar på Bygland.