Almedal Sagbruk

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Almedal Sagbruk 12. januar 2017.

Almedal Sagbruk er eit sagbruk og byggevareutsal rett ved Riksveg 9 i Grendi i Bygland. Innehavarar er Anders Almedal og ektemaken Aud Almedal. I januar 2018 annonserte dei opphørssal, og avvikling av verksemda etter 70 års drift. Ved sida av Anders og Aud Almedal, har Jan Olaf Mortensen arbeidd hos Almedal i mange år.

Historie[rediger]

I 1946 brann den gamle saga på Longerak ned. Bernhard Almedal og broren Torleiv Almedal fann tomt til ny sag i Grendi, og starta opp Almedal Sagbruk i 1948. På det travlaste, rundt 1950, var saga ein stor arbeidsplass med 12-15 tilsette. I dei første åra arbeidde gjerne nokre av dei tilsette i skogen og fekk fram tømmer, for så å arbeide på saga om sommaren. Etter kvart blei det mindre skjering på saga, og lite leigeskur. Byggevareutsalet, med panel og høvla materialer, auka i omfang. Anders Almedal kom inn i verksemda straks etter fullført utdanning, og overtok drifta etter faren Bernhard. Aud Almedal kom med i 1981.

Kjelder[rediger]