Onsdagssending i Valle Radio 20110907
Onsdagssending i Valle Radio 20110907 er sida som fortel om programmet i Valle Radio onsdag 7. september 2011. Dette programmet var valsending ved Ørnulf Hasla og Ole Birger Lien. Jørund Georg Jore var teknikar og Harald Haugland las spørsmål som kom inn frå lyttarane.
I panelet er desse med:
- Ann Christin Jacob og Sissel Åkre, Venstre
- Tarald Myrum og Astrid Kyte, Senterpartiet
- Frode Verpe og Nina Susanne Johnsen, Høgre
- Steinar Kyrvestad og Hanne Tangeraas Straume, Arbeiderpartiet
- Bjørgulv T. Berg, Kristelig Folkeparti
Programmet starta med ein introduksjon frå Ørnulf Hasla før han gav ordet over Ole Birger Lien, som starta med ein generell runde om kva ordførarkandidatane hadde å seie om å stille til ordførar, nokre gamle og nokre nye. Deretter var det musikk: Stay with me.
Ved starten var det 15 personar i salen.
- Tellef Inge Mørland, Ap sin fylkesordførarkandidat vart intervjua av Ørnulf Hasla (opptak)
Debatten
Skulesaka
Første tema var skulesaka, og Ole Birger Lien spurte Ann Christin Jacob om nedlegging av Hylestad skule. Ho hadde fem korte punkt om dette. Bjørgulv T. Berg var den første som kommenterte det. Deretter var Steinar Kyrvestad, Tarald Myrum, Astrid Kyte, Sissel Åkre, Frode Verpe, Hanne Straume.
Frå salen stilla Magnhild Bø spørsmål om privatskule til Frode Verpe som ville starte ein slik om det vart samling av småskulen i Hylestad. Han svara at han stilla som Høgre-politikar og dei hadde ikkje noko krav om det. Bjørgulv T. Berg heldt spørsmålet ope, Steinar Kyrvestad, som var einaste i panelet som har vore aktiv i den siste perioden. Astri Kyte var sterkt usamd med Steinar Kyrvestad, Frode Verpe kommenterte hans utsagn, sidan sist kommuneval er det lagt ned 180 grendeskular, ein femtedel av skulane er reetablert som privatskular. Ann Christin Jacob meinte at grenda ville ha mange andre forhold som hadde kvalitet. Nina Johnsen presiserte at Høgre har programfesta to skular, Bjørgulv T. Berg og Steinar Kyrvestad kommenterte og dette i debatten. Han tok og opp spørsmålet om barnehagane, der det blir færre førskulelærarar og fleire assistentar.
Andre tema som var oppe i denne delen var tilflytting, fulle stillingar for lærarar, SFO.
Eit innspel frå publikum var Til ann christin ser du ikkje at dette er ein død sak!. Eit klart svar frå henne var at det såg ho ikkje.
Det var ein levande debatt, og ikkje råd å få med alle fasettar her.
Barnehage
Spørsmålet om gratis barnehage var og oppe. Arbeiderpartiet vil forlenge dette, Senterpartiet står for at ein bør ha ein gjennomgang av dette. Men det vart lite tid til dette. Deretter var det musikk ved Åsmund Åmli band før Øystein Haga, fylkesordførarkandidat for Venstre. Nesten halvannan time gjekk med til denne bolken.
Næringsutvikling
Spørsmålet om at kommunen skal bruke konsulentar var eitt tema. Ap var skeptisk, Jørund Georg Jore hadde eksempel på at dette var nyttig, og Tarald Myrum fylgde opp dette med fleire behov og samkommune kunne vere ei slik løysing. Regionale løysingar kan vere eit godt tiltak, men økonomistyring i IKS er vanskeleg, sa Steinar Kyrvestad. Frode Verpe sa at kommunen skal tilrettelegge og gje rom for slikt.
Viktig sak for alle politikarane var turisme og reiseliv. Tarald Myrum meinte kulturrelaterte aktivitetar. Ann Christin Jacob meinte Setesdal som merkevar var det viktigaste. Etter denne bolken son Rita Eriksen Eg lengtar heim.
Folketalsutvikling
Dette heng saman med næringsutvikling. Ei slik side er kultur, jfr Setesdalsmuseet. Ei anna side er forvaltning av naturressurser.
«Kven av partia vil håndheve buplikta» var eit spørsmål som ein lyttar kom med. Tarald Myrum meinte at den burde handhevast strengt og dei som ikkje ville flytte heim, må selje, og ein vil ha høgare prisar enn det ofte har vore tale om. Dette var det semje om. Fleire spørsmål kom opp som eg ikkje fekk med meg før sangen Evig eies kun et dårlig rykte. Deretter var det innslag med fylkeordførarkandidat Jon Olav Strand
Helse og omsorg
Regionalt samarbeid er viktig her. Reformen vil kreve meir av dette. Å kome inn på bygdeheimen vil kreve helsefagleg vurdering. Dei fleste vil vere heime så lenge som mogleg. Ap vil oppfylle verdighetsgarantien. Difor vil dei ha større brukarstyring av dette. Ein kan samarbeide med nabokommunar i akutte situasjonar. Bokollektiv kan vere eit slikt tilbod. Distriktsmedisinsk senter er planlagt i Evjeområdet, men det er for langt borte i høve til Valle og Bykle. Stiv og støl med Setesdal Roots Band avslutta denne avdelinga, deretter kom opptaket med fylkesordførarkandidat Bjørgulv Sverdrup Lund.
Spørsmål frå lyttarane
- Til Frode Verpe
Kvifor er det ikkje biografi om deg på Setesdalswiki. Dei andre toppkandidatane har artiklarp Etter at han fekk opplyst at han kunne skrive sjølv, svarte han at han ville gjere det.
- Til alle
Biografiar på Setesdalswiki for kandidatane er viktig for at veljarane skal få best mogleg grunnlag for å gje personstemmer. Kva vil de gjere for å gje veljarane slikt grunnlag.
- SFO
Skal SFO fortsatt vere i skulen eller skal den leggast under barnehagen?
- Leikeplass på Rysstad
Er det ett eller fleire parti som kan love å byggje ein leikeplass/ samlingsplass for bygdefolk og turistar på Rysstad??
- Valle sentrum
No er det på tide å ta opp temaet: Kva syn har partia om Valle sentrum-utviklinga! DET må takast opp, aber schnell!
Samarbeid
Ein runde om samarbeid i høve til kven som skal verte ordførar synte at KrF og Høgre vil halde fram samarbeidet dei har hatt i tre periodar. AP kan samarbeide med alle, Sp er og opne for KrF og Høgre, Venstre, som ikkje har vore med på dette før, var nok meir usikre på heile samarbeidsproblematikken.
Appellar
Ved loddtrekning var det så appellar frå panelet i denne rekkefylgja: Frode Verpe, Steinar Kyrvestad, Bjørgulv T. Berg, Tarald Myrum og Ann Christin Jacob.