Hanne Tangeraas Straume

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hanne Tangeraas StraumeSymbol unrelated.svg
Født: 1. mars 1957 (62 år)

Hanne Solveig Tangeraas Straume (født 1. mars 1957 i Kristiansand) er kommunelege i Valle kommune. Ho er utdanna kjemiingeniør i analytisk kjemi i 1979 og heldt så fram med studiene til ho vart utdanna lege i 1986. Ho var deretter turnuskandidat på Sørlandet Sykehus Kristiansand og fekk sin elddåp då ho var på vakt den kvelden Caledonien Hotell brann. Turnusteneste i distrikt hadde ho i Stranda på Sunnmøre. Sidan var ho lege i Bygland nokre år før ho kom til Valle i 1992.

Ho har teke utdanning som spesialist i samfunnsmedisin medan ho har hatt tenesta i Valle.

Hanne Straume står på 2. plass på Ap-lista i Valle 2011. Ho er gift med Bjørgulv Straume og er interessert i fiske, natur og filosofi.

Kjelde[rediger]

  • Informasjon frå Hanne Straume 7. september 2011