Olav Torgrimson Fennefoss
Olav Torgrimson Fennefoss | ||
---|---|---|
Født: | 1777 | |
Død: | 1842 (alder 64–65) |
Olav Torgrimson Fennefoss (fødd 1777 på Horverak, død 1842 (?) i Hornnes) var bonde, haugianar og stortingsrepresentant frå Fennefoss i Hornnes.
Olav Torgrimson Fennefoss møtte Hans Nielsen Hauge på Senum då han vitja Otradalføret i 1803. Fennefoss sa då opp lærarposten han hadde i Årdal sokn, og flytta ut til Fennefoss for å arbeide på Mylla som Hauge ville etablere ved fossen. I 1811 døydde lensmann Ole O. Ramse i Hornnes. I 1813 gifta Fennefoss seg med enka Ingeborg. Med henne fekk han den tidlegare lensmannsgarden, det austre gardsbruket på Fennefoss. Heimen på Fennefoss vart midtpunktet for haugerørsla i Evje og Hornnes i mange år frametter.
Fennefoss var ein nevenyttig mann, han kunne utføre nær sagt kva slags arbeid det var, skriv Erik Kjebekk i ein artikkel i Arnstein i 2014. Han var også ein dyktig gardbrukar. Han skal ha vært litt av en idrettsmann. Før han overtok garden på Fennefoss, skal han ha virka mykje som lekpredikant oppetter Setesdal. Etter at han hadde gifta seg måtte han redusere reiseverksemda som lekpredikant, då det blei mykje meir å gjere heime på garden.
I 1824 vart Fennefoss vald inn på Stortinget for Nedenes og Råbyggelagets amt. Han var den første stortingsmannen som blei vald frå Evje prestegjeld. Han sat på Stortinget 1824-1826.
Då Olav Torgrimson Fennefoss kom til Kristiania i 1824 var Hans Nielsen Hauge nettopp død. Fennefoss fylgde i gravferda.
Etter tida på Stortinget vende Olav Torgrimson attende til Fennefoss. Han var med i byggekomitèen då Hornnes kyrkje vart bygd i 1827. Men dei siste åra av livet reiste han mest ikkje rundt som predikant lenger.
Kjelder
- Erik Kjebekk, Kva har haugerørsla hatt å seie for Evje og Hornnes?, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2014, s. 47-54
- Erik Kjebekk, Haugerørsla i Evje og Hornnes, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2004, s. 42-47
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 144
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, s. 261
- Johnny Haugen, O. T. Fennefoss - ein haugianar på Stortinget, artikkel i Egde nr. 1/2016, utgjeve av Agder Historielag, side 20-23