Kvinen turiststasjon

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Kvinen turiststasjon er ei turisthytte på Kvinen ved nordre enden av Kvifjorden, 720 moh., aust for Tjørhom i Sirdal. Den gamle turisthytta som var bygd i 1970 blei riven hausten 2017. På same staden er det bygd to nye hytter. Ei mindre sikringshytte med 10 sengeplassar kom i 2017, og hovudhytta i 2018. Totalt er det nå 40 sengeplassar. Hovudhytta opna vinteren 2019.

Lettaste tilkomet er frå enden av bilveg ved Donsen aust for Tjørhom. Derfrå er det om lag to timar å gå til Kvinen. Rett ved Kvinen turiststasjon ligg den spesielle Kvibrua.

Historie[rediger]

Det har vore turiststasjon på Kvinen gard sidan 1901. Då var stasjonen på sjølve garden. Ny hytta blei bygd i 1970 av Einar Kvinen. Einar hadde drive turiststasjonen på garden etter foreldrene Gunhild Kvinen og Atlak Kvinen, men måtte gje opp dette då Kvifjorden blei demd opp i samband med kraftutbygging mot slutten av 1960-talet. I staden bygde han altså ei ny turisthytte om lag 300 meter frå det gamle gardstunet.

Hytta blei driven etter mønster av hyttene til Turistforeninga, og gjekk inn i Turistforeninga sitt løypenett. I 2007 blei stasjonen seld til KOT, det som no er DNT Sør. Hytta var sjølvbetjent. Ho hadde 37 sengeplassar.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...