Fidjeland (Sirdal gnr. 3)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fidjeland er ein gard (gnr. 3) ved austsida av Fidjelandsvatnet i Øvre Sirdal i Sirdal kommune. Garden skil seg ut frå andre gardar i Sirdal, ved at han har jord på begge sider av Sira. Garden strekk seg såleis frå grensa mot Rogaland i vest til grensa mot Agder i aust. I den vestlege marka til Fidjeland er gardane Vatnedal og Helleren skild ut. Om ein ser vekk frå desse, grensar Fidjeland i sør-vest mot Kvæven og Sinnes, mot Lyse i Rogaland i nord-vest, mot Ådneram i nord-aust, mot Hylestad i Valle i aust og mot Kvinen og Haugen i sør.
Det er seks gardsbruk i garden (1980).
Historie
Garden må seinast vere rydda ein gong mellom år 600 og år 1000. Men han kan også vere noko eldre.
Kjelder
- Per Seland, Sirdal gard og ætt, bind I, 1980, side 92–135