Innistog (Longerak)

Innistog er ein gard i bygda Longerak i Bygland kommune (gnr. 54/1). I nord ligg Monen, nord og aust er Knutstog, medan Sørstog ligg i sør og vestgrensa er Byglandsfjorden.
I Gards- og ættesoge Bygland skriv Reidar Bolling at Innistog truleg er det eldste bruket på Longerak, og det er uvisst når det blei kløyvd i mindre delar[1]. Han skriv vidare at garden hadde ei kvern øvst i Longeraksåni, og to støylar – ein på Tveitå og ein i Lia.
Innistog hadde dampskipskai, og frå 1. juli 1898 til 31. oktober 1967 låg Longerak sitt posthus på garden. Seinare blei og telefonsentralen lagt hit. 1. juli 1925 skifta poststaden namn frå Langerak til Longerak. Den første postopnaren var Torgeir Olavson Langerak, og frå 1. oktober 1921 styrde Ingebjørg Langerak telefonen[2].
Slekt
Dei eldste kjende eigarane er Svenke Langerak som åtte garden i 1612, og sonen Olav Svenkeson i 1624. Garden har truleg hatt odelskrav, noko som blei tydeleg etter at Sigrid, dotter til Olav Gjermundson som åtte garden i 1723, vigde med Torgeir Olavson Fennefoss (no i Evje og Hornnes kommune). Torgeir Olavson avtala i 1735 eit odelsbyte mellom Fennefoss og Longerak med Olav Gunnarson Langerak, Olav Gunnulvson Langerak og Børulv Torkjelson Fennefoss.
Frå Innistog emigrerte Eivind Olavson (fødd 24. september 1864[3]) til Amerika 25. juli 1892[4], og Åsulv T. Langerak (fødd 6. oktober 1884[5]) i april 1903[6]. Fleire lærarar kjem og herfrå, Gunstein T. Langerak (fødd 22. januar 1891[7]) var rektor ved Hornnes Landsgymnas og broren Olav T. Langerak (fødd 21. oktober 1874[8]) var lærar i Bygland 1895–1941, han var utdanna ved Ullmans seminarium i Seljord. Mari Olavsdotter Longerak (fødd 3. juni 1899[9]) møtte mannen sin, seinare landbruksskulestyrar og fylkesagronom Ola Eriksson Tverdal frå Rennebu (fødd 15. august 1894[10]) på Bygland jordbruksskule der ho gjekk på husmorskulen og han på jordbruksskulen, og dei flytta til Sør-Trøndelag.
I 1972 kom dottera Magnhild og mannen hennar, læraren og treskjeraren, Ottar Rygg (fødd 1936) attende til Innistog og tok over drifta av garden[11]. Magnhild var ordførar i perioden 1985–1987, og sonen Leiv (fødd 1967) frå 2011–2015.
Kjelder
- Bolling, Reidar: «Innistog. Br.nr. 1.» i Gards- og ættesoge Bygland, utg. 1952, s. 357–358.
- ↑ Bolling, Reidar: Gards- og ættesoge Bygland, utg. 1952, s. 352 ff
- ↑ Langerak poståpneri på Postmuseet sine vevsider
- ↑ Digitalarkivet: Aust-Agder fylke, Bygland, Ministerialbok nr. A 5 (1859-1873), Fødte og døpte 1864, side 43, nr. 58.
- ↑ Digitalarkivet: Årdal, Ministerialbok nr. A 1 (1885-1906), Utflyttede 1892-1895, side 122.
- ↑ Digitalarkivet: Aust-Agder fylke, Årdal, Klokkerbok nr. B 1 (1848-1895), Fødte og døpte 1884, side 69, nederst. I Gards- og ættesoge Bygland er fødeåret 1886.
- ↑ Digitalarkivet: Aust-Agder fylke, Årdal, Ministerialbok nr. A 1 (1885-1906), Utflyttede 1902-1907, side 124, nr. 2 i 1903.
- ↑ Digitalarkivet: Aust-Agder fylke, Årdal, Ministerialbok nr. A 1 (1885-1906), Fødte og døpte 1892, side 18, nr. 1.
- ↑ Digitalarkivet: Aust-Agder fylke, Årdal, Klokkerbok nr. B 1 (1848-1895), Fødte og døpte 1874, side 32, Olaf (I)
- ↑ Digitalarkivet: Aust-Agder fylke, Årdal, Ministerialbok nr. A 1 (1885-1906), Fødte og døpte 1899, side 29, nr. 5.
- ↑ Digitalarkivet: Sør-Trøndelag fylke, Rennebu, Ministerialbok nr. 674A03 (1880-1896), Fødte og døpte 1894, side 58. Ministerialboka og klokkerboka har gal dato (18. august), og han er kalla «Ole».
- ↑ Aas, Arne: Løyndomsfulle Setesdal: «OTTAR RYGG - trønderen som slo seg ned på Longerak» s. 134, 2000.