Landeeika

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Landeeika veks ikkje så langt i frå Årdal kyrkje
Landeeika
Foto: Reidar Tveito
Ein kjetting held stammen oppe
Foto: Reidar Tveito

Landeeika er eit eldgamalt tre i Grendi. Det veks like attmed riksveg 9, nokre hundre meter sør for Årdal kyrkje.

Landeeika skrivast óg som Landeeiki. I fylgje forfattar Nystad så var dette eit heilagt tre. Diameteren i rota skulle vera 3,5 meter. Alderen er noko uviss, men fagfolk meiner at den ligg mellom 800 og 1000 år ein stad. Eika er hol, og det var plass til mange inni treet. Ulike kjelder oppgjev ulike tal slik som 12, 15 og 20 stk. Forfattar Olav Breen opplyser at ein gong på 1950-talet fekk heile 27 menneske plass inne i holromet i eika samstundes. Men folk var vel tunnare den gong. I seinare tid har delar av stammen falle ut, og for at ikkje heile treet skulle ramla i hop, så vart det slege ein kjetting rundt stammen.

Ein meiner også at eika fekk sin bane då Byglandsfjorden vart regulera opp, og eit lynnedslag omkring 1990 gjorde vel ikkje stoda betre for den gamle kjempa. Men det er ennå friskt lauv å sjå, så ho legg nok fleire år til på alderen framover.

Sjå også[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...

Kjelder[rediger]

  • Jens Fredrik Nystad: Eventyrlandet, spennende naturfenomener i Norge, Gyldendal forlag 2000, ISBN 82-478-0529-4, side 30-31.
  • Andreas Vevstad: Agderskog, Agder Skogeigarlag 1998, ISBN 82-994650-0-1, side 9.
  • Olav Breen: Veibok, Norge sør, Cappelen forlag 1996, ISBN 82-02-15486-3, side 34, 140.