Olav Løyland
Olav Løyland | ||
---|---|---|
Født: | 25. august 1919 | |
Død: | 31. desember 2010 (91 år) |
Olav Løyland (fødd 25. august 1919, død 31. desember 2010 på Byglandsheimen) var bonde og tømmermålar. Han budde i Grendi, der han overtok garden etter far sin, Jon Løyland. Han etterlet seg kona Anne Lauvdal Løyland og borna Margit Løyland og Jon O. Løyland, svigerborn og barneborn. Gravferda var frå Årdal kyrkje fredag 7. januar 2011 klokka 12. Etterpå var det minnestund på Neset Camping.
På kommunestyremøtet 4. september 2003 fekk han Kulturprisen i Bygland kommune for 2002 for lang tids innsats i ei rekke lag og foreningar. Han starta i Bygland ungdomslag, der han snart blei med i styret og etter kvart formann i mange år. Sidan blei han først medlem av fylkesstyret, så fylkesformann. Han arbeidde aktivt for Setesdalsmuseet i mange år, han var med i styret i 32 år. Han var formann i styret og medlem av styret for Bygland Tun i 23 år. Han var kyrkjeverje for Årdal sokn i 32 år. Dessutan var han formann i Bygland Mållag, Årdal folkeakademi, Setesdal Reiselivslag og Bygland pensjonistforening. Gjennom åra arbeidde han mykje for å få gitt ut folkeminne frå Setesdal som far hans samla inn, og desse kom ut i ei bok av Leonhard Jansen i 2008.
Kjelder
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 2, 2011 side 2
- Sigurd Haugsgjerd: Olav Løyland i Grendi er død. Minneord i Setesdølen nr. 2, 2011 side 3
- Ørjan Hatteberg: Olav Løyland fekk kulturprisen. Artikkel i Setesdølen nr. 72, 2003 side 6