Løylandsloftet

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Løylandsloftet i dag.

Løylandsloftet er eit loft (bur) på gardsbruket Nedre Lande i Grendi. Loftet stod opphaveleg på eit bruk på Løyland i Valle, men blei flytta ned til Nedre Lande i 1934 av kulturberaren Jon Løyland. Han hadde kjøpt garden i 1930. I Norges Bebyggelse er byggeåret til Løylandsloftet sagt å vere 1604.

Jon Løyland samla på gamle ting, og bygde opp sitt eige museum i Løylandsloftet. Han var og ein stor kulturformidlar. Med loftet hadde han sikra seg deg formidlingsarenaen han ønskte seg. Det kom skuleklassar på besøk. Seinare kom Lande med i NAF-boka. Endå fleire kom for å høyre på det Jon hadde å fortelje, og kanskje kikke innom samlingane i loftet.

I 1998 blei samlinga til Jon Løyland overført til Setesdalsmuseet, i form av ei stifting, og utstillinga hans vart rekonstruert der.

Kjelder