Knut K. Homme

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Homme, Knut K.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut K. HommeSymbol unrelated.svg
Knut K Homme.JPG
Foto: Gyro Knutsdotter Homme
Født: 8. desember 1938 (86 år)

Knut K. Homme (fødd 8. desember 1938) er ein pensjonert bonde og lærar i Valle. Han er gift med Lisbeth Dalquist Homme og far til Gyro Knutsdotter Homme, bror til Ånund K. Homme

Utdanning

Etter framhaldsskule i Valle gjekk han teoretisk line på Agder folkehøgskule i Søgne. Så tok han landbruksutdanning, først på Bygland landbruksskule, deretter på Aust-Agder landbruksskule på Holt. Han fekk og med seg Norsk Kunsthandverksskule på Voss før han tok realskule og gymnas på Bjørknes Privatskole i Oslo. Etter førebuande prøve i filosofi tok han så tysk grunnfag på Universitetet i Oslo før han fekk lærarutdanninga si på Sagene lærerskole i Oslo.

Arbeid

Under kraftutbygginga i Valle var han kontormann hos Ingeniør Thor Furuholmen A/S frå 1961. Sidan heldt han fram med tilsvarande jobb i Sirdal til 1967. I 1975 kom han tilbake til Valle som bonde og lærar, han var både i barneskulen, ungdomsskulen og vidaregåande skule før han vart bonde på heiltid. Han har og drive registreringsarbeid for Setesdalsmuseet og arbeidd med restaurering av gamle, lafta bygningar.

Verv

Knut K. Homme var leiar i Valle kulturstyre frå 1975 til 1979. Vervet som leiar i bygdesogenemnda hadde han frå 1976 til 1994. Han var ein av tre personar i redaksjonen for utvandrarsoga, som var ein del av Valle Bygdesoge. Han var med og skipa Valle sogelag og var leiar der i mange år. Han har og vore styremedlem i Agder Historielag og leiar, styremedlem i Setesdal Husflidssentral og medlem av forstanderskapet til Valle Sparebank.

Han har og synt eit sterkt engasjement for målsaka som leiar og styremedlem i Valle Mållag, og i to periodar var han med i skriftstyret for Jol i Setesdal. I ungdomen var han meldar frå Valle for Agder Tidend. Han har og vore styremedlem i Aust-Agder mållag. Valle mållag starta stadnamninnsamling, og dette var han sterkt engasjert i. Då laget starta vallemal.no, vart dette eit nytt område som han kunne yte ein sterk innsats i. I tillegg til dei faste møta i nemda som arbeider med dette kvar onsdag, er han aktiv i førebuingane til desse møta.

Knut K. Homme var ein av initiativtakarane, då Setesdal Sogelag blei skipa i 2013. Han møttest saman med Bjarne Tveiten (Bykle), Magnhild Rygg (Bygland) og Beint Foss frå Agder Historielag om hausten og vinteren 2012–2013 til tre førebuingsmøte i den gamle stasjonsbygninga på Byglandsfjord stasjon. Her blei dei fire einige om eit felles grunnlag for eit samla sogelag for Bykle, Valle og Bygland.

Bibliografi

I tillegg til å vere med i skriftnemnda for Kyrkja på Vaddarhaugen 1844-1994 og i skriftstyret for Jol i Setesdal, der han og har skrive fleire artiklar, har han skrive desse to bøkene:

  • Hundre år i teneste for bygdi. L/L Valle Handelssamlag 1911 - 2011 ISBN 9788230317495
  • Tankefuglar. Diktsamling. Setesdalsforlaget 2012 ISBN 978-82-92441-80-0 (Ikkje i ope sal.)

Knut er også ein av omforteljarane i Eventyr frå Setesdal (2017), attforteljinga av Johannes Skar sine eventyr i Gamalt or Sætesdal på meir moderne nynorsk.

Kjelder