Ånund K. Homme

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ånund K. Homme
Ånund Kjetilson Homme 2010 (5)cr.JPG
Ånund K. Homme, mai 2010.
Født: 28. januar 1930
Død: 3. januar 2019 (88 år)

Ånund Ketilson Homme (fødd 28. januar 1930, død 3. januar 2019) budde i Valle. Frå 1987 til 1997 var han kulturkonsulent i Valle kommune.

Biografi[rediger]

Ånund K. Homme var lærar fleire stader i landet før han kom heim til Valle kommune og vart kulturkonsulent og seinare utgjevar. Etter folkeskule og framhaldskule i heimbygda drog Ånund K. til Arendal for å gå på handelsskule. Den var han ferdig med i 1949, og i 1953 starta han på Hornnes landsgymnas, der han tok eksamen i 1957. Så var han lærar på Veum skule eitt år, før han i 1958 starta på Oslo offentlege lærarskule, der han var ferdig i 1960. Sidan har han teke grunnfag i norsk og tysk og EDB-utdanning for lærarar. Han har og teke vidarutdanning i tysk i Tyskland.

I 1961 gifta han seg med Nella Nerem Homme frå Herøy kommune på Sunnmøre. Etter å ha vore lærar på Toten folkehøgskule i tre år, var han lærar i Herøy på Sunnmøre i mange år. Han var på fleire skular der, han var og ungdomsleiar og aktiv i lokalradioen dei hadde. I 1983-84 var han biblioteksjef i Herøy. Han var leiar av Herøy folkeakademi i 12 år og medlem og nestformann i Møre og Romsdal opplysningsråd i ni år. Han har og vore leiar av Sunnmøre Mållag. Han var med på å stifte Herøy Mållag og leia det i mange år. Han var sekretær i det kommunale sang- og musikkutvalet i 12 år og formann i det kommunale kinostyret i fleire år. I 1986 vart han leiar i Herøy historielag, som hadde ansvar for Herøy gard, bygdemuseum og Herøy kystmuseum.

I 1987 kom han til Valle kommune som kulturkonsulent, ei stilling han hadde i 10 år. I den tida vart Valle kåra til Årets kulturkommune i Aust-Agder, og i finalen kom kommunen på andreplass. Ånund K. Homme var og primus motor for litteraturseminara i Valle. I hans tid som kulturkonsulent var Valle vertskommune for Sørlandsutstillingen. Han var og krumtapp i skriveseminar som Agder Litteraturlag heldt i Valle.

Etter 10 år som kulturkonsulent vart han pensjonist i 1997.

Som pensjonist skipa han Setesdalsforlaget, eit forlag som gav ut bøker i samarbeid med forfattarar. Over 170 titlar har det blitt. Han var i ein lang periode engasjert i Valle pensjonistforening, han var aktiv i Agder Litteraturlag og leiar i Bykle og Valle kunstlag.

Ånund K. Homme døydde 3. januar 2019. Han etterlet seg barna Gunn Torill Homme, Kristi Homme, Kari Åse Homme og Kjetil Torgrim Homme, barnebarn og annan familie. Kona Nella Nerem Homme var død tidlegare. Bisetjing var frå Valle kyrkje fredag 11. januar 2019 klokka 13.

Heder[rediger]

Kjelder[rediger]

  • Ole Birger Lien: Eg vil stupe med skoa på Artikkel i Setesdølen 26. januar 2010 side 6
  • Omtale i Fædrelandsvennen i samband med 60-årsdagen 28. januar 1990
  • Valerie Kubens: Kraftpenger gir godt liv. Artikkel i Fædrelandsvennen 21. november 1992
  • Dødsannonse i Setesdølen nr. 2, 2019 side 2

Eksterne lenker[rediger]