Lisbeth Dalquist Homme

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Lisbeth Dalquist HommeSymbol unrelated.svg
Valle, biblioteket - interiør Wcr.JPG
Valle folkebibliotek
Født: 12. mai 1947 (72 år)

Lisbeth Dalquist Homme (fødd 12. mai 1947 i Trondheim) var biblioteksjef i Valle kommune til august 2015. Ho har jobba i Valle komune sidan 1975. Fø ho kom til Valle, arbeidde ho på bibliotek i Oslo, der ho tok utdanninga som bibliotekar og var ferdig i 1969. Ho vart gift med Knut K. Homme i 1973. Dei flytte tilbake til Valle hausten 1974 og då begynte ho på vevskule.

Lisbeth har engasjert seg mykje i det lokale kulturlivet i Valle. Ho har vore aktiv i Valle Bygdekvinnelag og var leiar der i ein periode, og ho var studieleiar for Bygdefolkets studieforbund sine kurs i mange år. Ho har vore leiar i Valle Mållag eit par periodar og er også med i Valle jordbruksklubb. I mange år spelte ho og althorn i Valle og Hylestad musikkorps. Ho har og vore instruktør og vaksenleiar i 4H.

Som bibliotekar har ho stått for lesesirklar for vaksne. Ho har og vore sterkt engasjert i å stimulere til leseglede i skule og barnehage. Ho har hatt årlege bamsekveldar for unge lånarar i mange år.

Kjelde[rediger]

Eksterne lenker[rediger]