Fylkesveg 292

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Fylkesvegen forbi Lietjørna på grensa mellom Iveland og Evje og Hornnes.

Fylkesveg 292 går frå Fylkesveg 42 (Arendalsvegen) på Galteland i Evje og Hornnes sørover og seinare austover heia til han treff på Fylkesveg 291 ved Stoblemyr aust for Frikstad i Iveland. Langs vegen ligg gardane Galteland, Rosseland, Høgetveit, Lauvland, Vånne og Lie, Øvre i Evje og Hornnes. Ein passerer også mange gamle gruver, til dømes Kvasshamar gruve, Liegruva og Brattekleiv gruve i Evje og Slobrekka i Iveland. Vegen er 12,6 kilometer lang.

Historie[rediger]

Frå gamalt av gjekk det kløvveg over heiane frå Lauvland i Evje til Iveland. I 1895 vart det bygd veg frå Klepp til Vånne i Evje. Endå før det igjen hadde det kome veg frå Galteland til Lauvland. I 1926 blei det bygd veg frå Lauvland vidare til Vånne. Dette vart gjort som naudsarbeid. Så endeleg, på byrjinga av 1950-talet, starta bygginga av ein veg frå Håverstadvegen i Iveland over Frigstad til Vånnevegen. Dette vegstykket stod ferdig i 1954. Då var det omsider kome sambandsveg mellom Evje og Iveland. Vegen vart høgtideleg opna 30. september 1954.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...