Brattekleiv gruve

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Brattekleiv-gruva i 2014. Foto: Geir Daasvatn

Brattekleiv gruve er ei nedlagt cleavelanditt-gruve kort etter garden Lauvland i Evje når ein køyrer fylkesvegen frå Galteland mot Iveland. Gruva ligg på nedsida (vestsida) av vegen. Det går traktorveg fram til gruva.

Det er rapportert chrysoberyll frå denne gruva. Molybdenglans som er i samlingane til Bergverksmusèet på Kongsberg kjem herfrå. Brattekleiv er ein av dei mest kjende førekomstane av beryll og columbitt i Iveland- og Evje-distriktet.

Grunneigar har ønske om å utvikle gruva til turistformål.

Kjelder[rediger]