Liegruva

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Det er svære dimensjonar over Liegruva. Foto: Geir Daasvatn
8. august 2015 tok musikkgruppa Tidløs gruva i bruk til konsertlokale.
Foto: Geir Daasvatn

Liegruva er ei feltspat- og kvartsgruve i Øvre Lie mark sør-aust i Evje og Hornnes kommune, mot grensa til Iveland. Dette er den gruva der det utan samanlikning er teken ut mest feltspat i Evje. Ei stund var ho Noregs største feltspatgruve, med opp mot 20 mann i arbeid.

Norsk Feltspat Co overtok drifta av gruva i 1956 og dreiv i gruva fram til byrjinga av 1990-talet. I 1993 overtok grunneigaren (familien Kalleberg) drifta. Tom Kalleberg dreiv gruva fram til 2007, då han døydde i ei tragisk ulykkeshending. Det er fortsatt (2014) noko drift i gruva. Det er sonen til Tom, Hans Kalleberg jr., som står for denne.

Gruva er blitt driven i fire etasjar, og overalt er det ordensarbeid som er utført.

Samla uttak i dei åra Feltspatkompaniet dreiv gruva, er på meir enn 150.000 tonn feltspat. Spaten har gått til produksjon av høgspentisolatorar, baderomsporselen og servicer. Noko feltspat med særlig høg kvalitet (tannspat) har gått til produksjon av kunstige tenner. Det er i tillegg produsert ca 50.000 tonn rein kvarts. Kvartsen har gått til Fiskaa verk (Elkem) i Kristiansand til ferrosilisium- og silisiummetallproduksjon.

Kjelder[rediger]

Ekstern lenke[rediger]