Gakkestad

Gakkestad er ein gard (gnr. 21) i Åraksbø i Bygland. Innmarka ligg mellom Nordenå i vest og Lidtveit i nord. Jorda er bratte. Mot aust og sør er Hovassåni grensa. Garden har også areal på vestsida av Hovatn og langt inne på heia ved Topsæ. Det har vore to bruk på garden, Øvre Gakkestad (bnr. 1) og Nedre Gakkestad (bnr. 2) iallefall frå 1600.
Namnet
Mange av -stadgardane i Norge skal ha namn etter rydningsmannen. Her kan ein då tenke seg at gardsnamnet stammar frå eit mannsnamn eller eit tilnamn «Gakki». Eivind Ose meiner namnet i staden kan tyde ein bratt bakke opp til garden.[1]
Historie
Garden er kanskje rydda i vikingtida, perioden frå 800 til ca. 1050.
Den første kjende oppsitjaren er Arne Gakkestad på 1500-talet.
Utanbygds folk eigde delar av Gakkestad på 1600-talet. Frå andre del av 1600-talet sat rådmann Arent Tønnesen i Kristiansand, og seinare etterkomarane hans, med fire ksk. i garden. Etter dette har det heile tida vore bygdefolk som har eigd Gakkestad.[2]
Litteratur
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, utgjeve av Bygland bygdesogenemnd, 1952, side 148–151
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 355–422
Referansar
- ↑ Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 355
- ↑ Bygland gard og ætt, bind IV, side 357