Topsæ stokkebåten


Topsæ stokkebåten blei først oppdaga av Torstein Haugen (1893) i 1921. Båten låg på 3-4 meters djup i Timrevika der pila ute på Topsæ peikar. Torgrim og Knut Eldhuset (1958), Aasmund K. Eldhuset og sønene hans Knut og Kjell Arne låg nokre dagar i Nedre og Øvre Løyningsli (sjå pila nede i biletet av Topsæ) i august 1973. Dei rodde med ein pråm som Torgrim hadde laga nokre år tidlegare. Båten som var delt i to blei seinare på hausten boren frå Jarnverk, som ligg i bukta heilt til venstre i biletet, 4 km over heia til Hovatn der bilvegen slutta. Det var Knut Eldhuset (1958), Ånund Eldhuset og Svein Rusten (ein gymnasklasse kamerat til Ånund) som bar båten. Ei prøve av båten blei datert til Vikingtida ved Laboratoriet for Radiologisk datering, Fysisk institutt på NTH i Trondheim. Den såkalla C-14 metoden gav ein alder på 1140 +/- 70 år målt i frå år 1950. Det kan difor vere at båten er eldre enn fødselsåret til Harald Hårfagre som samla Noreg til eitt rike. Ingen veit kvar båten er i dag.
Kjelder
- Delvis basert på opplysningar frå Knut Eldhuset (1958)
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 227-229
- Dateringsrapport fra Laboratoriet for Radiologisk Datering, NTH, 11. april 1975