Hovassdammen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovassdammen 2016.
Den "nye" dammen sett frå aust mot vest.
Foto: Geir Daasvatn
Dam Hovatn før oppgradering i 2011
Dam Hovatn i 1965 før kraftverket kom i1971.

Hovassdammen er ein dam i Hovatn i Bygland. Dammen vart bygd i 1916 og er ein kombinasjonsdam som er laga som tømmerkistedam og seinare forsterka med ein betongvegg på oppstrøms side. Den er ein del av systemet som skaffar vatn til Hovatn kraftverk med samla effekt på 45 MW og årlig produksjon på 84 GWh. Dammen er 252 meter lang og største høgde er åtte meter. Høgaste reguleringskote er 690,68 og lågaste er 673,84. Det gjev ein reguleringshøgde på 17 meter. Kapasiteteten i magasinet er på om lag 65 mill m3 vatn.[1]

Oppgradering

I 2011 blei Hovassdammen oppgradert. Han blei bygd litt høgare, og damkrona vart noko breiare etter oppgraderinga. Skråningane og krona blei plastra med stein. Masse til oppgraderinga tok ein ut frå eit massetak om lag 3 km frå dammen. Det kom også eit nytt massetak i samband med dette arbeidet. Knut P. Sandnes fekk dispensasjon til å opne eit massetak i Klyvslia, Klyvslia massetak, som ligg bare 400 meter sør for Hovassdammen.[2] Trafikk og Anlegg hadde oppdraget med oppgraderinga, som var kalkulert til å koste opp mot åtte millionar kroner totalt.[3]

Referansar

  1. Rolf Jakobsen, Finn Holmvik og Ragna Marie H. Kjetså: Hovatn kraftstasjon Faktaark utgitt av KEV
  2. Plan og ressursutvalet i Bygland Sak 51/10 Søknad om dispensasjon for etablering av steinbrot til forsterking av Hovassdammen
  3. Ole Birger Lien: Skal ruste opp Hovatn-dam. Artikkel i Setesdølen nr. 37, 2011 side 4

Kart

Laster kart...

Kjelder

Eksterne lenker