Nordre Haugen (Bygland gnr. 30)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Foto: Geir Daasvatn
Nordre Haugen er ein gard (gnr. 30) i Åraksbø i Bygland. På bnr. 4 i denne garden står det kjende Haugenloftet, bygd 1217/1218. Bnr. 3 ligg sør for Haugenloftet på nedsida av bygdevegen.
Historie
Heile Haugen, både Nordre Haugen og Søndre Haugen, må langt tilbake i tid ha vore del av ein mykje større gard, Årak, som femna om alle gardane som i dag utgjer Bygda i Åraksbø, og som er opphavet til bygdenamnet. Ei gong i mellomalderen må Haugen ha blitt skild ut frå Årak. Ein gong etter dette igjen må Haugen ha blitt delt i Søndre og Nordre Haugen. Den delte Haugen er omtalt i skriftlege kjelder frå 1567, men delinga i to gardar kan ha skjedd lenge før det igjen.[1]
Referansar
- ↑ Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 483