Brokke II
Hopp til navigering
Hopp til søk

Den svære dammen i austenden av Botsvatn var ein del av Brokke II-utbygginga.
Foto: Geir Daasvatn
Brokke II var andre byggesteget i utbygginga av kraftanlegga til Otra Kraft. Det kom i gang etter ti års pause i utbygginga og gjekk frå 1974 til 1977. I dette byggesteget bygde ein eit fjerde aggregat i Brokke kraftstasjon. Det vart bygd dam ved Botsvatn, med løyve til å regulere vatnet mellom kote 495 og kote 551 (56 meter), inntaket blei flytta frå Bykil til Botsvatn og det kom overføring av Otra frå Sarvsfossen til Botsvatn.
Sjå også
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: Kraftanlegg til 8-10 milliardar Artikkel i Setesdølen nr. 77, 2010, side 9
- Otra Kraft, brosjyre
- Olav Bø, Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum, Det Norske Samlaget, Oslo 1991, side 155