Dam Botsvatn
Hopp til navigering
Hopp til søk

Dam Botsvatn.
Foto: Geir Daasvatn
Dam Botsvatn er ein 47 meter høg og 575 meter lang steinfyllingsdam i austre enden av Botsvatn, vest for Bykle kyrkjebygd i Bykle kommune. Dammen vart bygd i 1974–1976, og auka reguleringshøgda i vatnet til 56 meter. I 2003–2004 vart han noko forsterka. Dammen demmer opp Botsvatn til inntaksmagasin for Brokke kraftverk i Valle. Magasinvolumet er 296 millionar kubikkmeter. Eigar av dammen er Otteraaens Brugseierforening.
Ved oppdemminga av Botsvatn vart 16 gardsbruk i Nordbygdi heilt eller delvis sette under vatn.
Kjelder
- Omtale av dammen på Facebook-sida til Otra Kraft
- Heimesida til Otteraaens Brugseierforening
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 390 flg.