Folke Nesland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Folke NeslandSymbol unrelated.svg
Født: 11. mars 1948 (71 år)

Folke Nesland (fødd 11. mars 1948) var kommuneingeniør i Bykle sidan 1975. Han var den av dei kommunetilsette i Bykle som hadde vore lengst i stillinga då han slutta.

Folke Nesland er kjent som munnharpesmed og har laga munnharper som har fått mange godord. Elles har han arbeidd mykje med innsamling og kartfesting av gamle stadnamn i bygda. Han er svært interessert i lokalhistorie og har vore ei god kjelde i arbeidet med Heimar og folk i Bykle. Han fekk Kulturprisen i Bykle kommune i 2018.

Folke er gift med Oddny Nesland. Dei har tre barn, Bjørgulv, Reidun og Ove. Foreldra var Bjørgulv F. Nesland (f. 1909, d. 1983) og Gyro Olsdotter Nesland (f. Rygnestad 1909, d. 2005).

Kjelder[rediger]