Bjørgulv Eivindsson Uppstad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørgulv Eivindsson Uppstad
Født: 1791
Død: 1866 (alder 74–75)

Bjørgulv Eivindsson Uppstad (fødd 1791, død 1866) var bonde og kjempekar frå Uppstad i Hylestad i Valle. I 1822 kjøpte han ein svær gard på Brokke (bnr. 6). Rundt 1850, etter at sonen Olav var død i ei drukningsulykke, selde han garden og levde dei siste åra av livet på eit gardsbruk på Gautestad i Evje. Han er gravlagd ved Evje kyrkje. Bjørgulv er kanskje den mest kjende av «slåsskjempene» i Setesdal, og er mykje blitt kalla «Setesdalskjempa» etter at han døydde.

Familie

Foreldra til Bjørgulv var Eivind Tarjeisson Nomeland (f. 1752, d. 1795) og Ingebjørg Drengsdotter Røysland (f. 1754, d. 1814). Han var gift med Sigrid Olsdotter Tveiten (f. 1799, d. 1862). Ho var dotter av eidsvollmannen og lensmannen Olav Knutsson Tveiten i Valle, og seiast å ha vore den aller gjevaste jenta på Bjørgulv si tid. Bjørgulv og Sigrid fekk åtte born. Eitt av borna, Svein (f. 1833, d.1835) levde ikkje opp. Eitt anna av borna, Olav Bjørgulvson Uppstad (f. 1828, d. 1846), døydde berre 18 år gamal. Dei andre var Ingebjørg Bjørgulvsdotter Gautestad (f. 1819, d. 1903), Gyro Bjørgulvsdotter Skomedal (f. 1823, d. 1915), Eivind Bjørgulvson (f. 1825, d. 1910), Knut Bjørgulvson (f. 1831, d. 1895), Svein Bjørgulvson (f. 1836, d. 1903) og Tarjei Bjørgulvson Haugen (f. 1839, d. 1923). Det er ei stor slekt etter dei i Bygland, i Evje, andre stader i landet og i Amerika.

Kjelder