Eivind Bjørgulvson

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Eivind Bjørgulvson
Født: 25. mai 1825
Død: 1910 (alder 84–85)

Eivind Bjørgulvson (1825-1910) var eldste son til Sigrid Olsdotter Tveiten og Bjørguv Eivindsson Uppstad. I 1855 kjøpte han tilbake farsgarden i Brokke, som faren hadde bytta bort i 1850 med Svenke Gunnulfson Gautestad sin gard på Gautestad i Evje. Men alt året etter selde han garden og flytta til Landsverk i Iveland. I 1865 budde familien på Dybmyr i Austre Moland. Ved folketeljinga i 1875 budde han på Åneland i Evje.

Eivind gifta seg med Targjerd Såvesdotter Brokke (1825-1871) i 1850. Dei fekk barna Anne (1846-1927), Sigrid, fødd 1852, Turid, fødd 1853, Ingebjørg, fødd 1856, Gunhild, fødd 1859, Gyro, fødd 1863, Bjørgulv (1867-1868) og Bjørgulv, fødd 1869. I 1871 vart han gift med Mari Tarjeisdotter frå Austad. Dei fekk sonen Tarjei, fødd 1875.

Kjelder[rediger]