Svein Bjørgulvson

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Svein Bjørgulvson
Født: 1836
Død: 20. april 1903 (alder 66–67)

Svein Bjørgulvson (Svein Myhola) (fødd 1836, død 1903) var bonde og krøterhandlar på gardsbruket Myhola i Bygland, aust for Beinsvatnet i grensetraktene mot Åseral. Før han kom til Myhola rundt 1867, levde han i følge Bygland gard og ætt eit noko uroleg liv.

Svein var son av Setesdalskjempa Bjørguv Eivindsson Uppstad og Sigrid Olsdotter Tveiten, dotter av Eidsvollmannen Olav Knutsson Tveiten i Valle. Han var først gift med Anne Svenkesdotter Austad (f. 1836, d. 1872). Ho døydde i barselseng. Eit par år seinare gifta Svein seg på nytt, med Birgit Svenkesdotter Austad (f. 1841, d. 1927). Birgit var søster til første kona, Anne.

Etter at Svein var død, overtok sonen Bjørgulv Myhola gardsbruket.

Kjelder[rediger]