Skilnad mellom versjonar av «Bykildammen»
s (Småpuss i bildetekst) |
s (→Kjelder) |
||
Line 9: | Line 9: | ||
*[[Sigmund Skomedal]], ''[[I skiftende tider]]'', [[Otteraaens Brugseierforening]], 1985, side 84–85 | *[[Sigmund Skomedal]], ''[[I skiftende tider]]'', [[Otteraaens Brugseierforening]], 1985, side 84–85 | ||
*[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VII, Kultursoge 1]]'', utgeve av Valle kommune, 1994, side 590–593 | *[[Leonhard Jansen]] og [[Alfred Ryningen]], ''[[Valle kommune VII, Kultursoge 1]]'', utgeve av Valle kommune, 1994, side 590–593 | ||
*[[Knut Gjerden]] (red.), ''Kampen om Bykildammen'', kapittel i [[Bykle kultursoge]], utgjeve av Bykle kommune, 1993, side 200–2018 | |||
[[Kategori:Bykle]] | [[Kategori:Bykle]] |
Siste versjonen frå 7. februar 2023 kl. 13:14
Bykildammen var ein 75 meter høg betongdemning som kraftutbyggarane på 1960-talet ynskte å bygge ved Bykil sør for Bykle kyrkjebygd i Bykle kommune. Dammen ville ha stengt hovuddalføret ved Byklestigen, akkurat der Setesdal er på sitt trongaste, og gitt eit enormt kraftmagasin. Vasstanden ville gått heilt opp til sjølve busetnaden i Kyrkjebygda. Også Botsvatn i vest ville ha blitt ein del av magasinet. 24 gardsbruk med 96 menneske tilknytta ville blitt sett under vatn.
Motstanden mot prosjektet var stor i Bykle. Ordførar Gunnar Å. Tveiten kjempa ein iherdig kamp mot dammen på vegne av byklarane. Til slutt vart planane stansa av regjeringa Borten i 1969. Men sigeren hadde ein bismak. 16 av dei 24 gardsbruka i Nordbygdi ved Botsvatn vart likevel neddemde, då det i staden for dam ved Bykil nokre år seinare vart bygd dam ved Botsvatn.
Kjelder
- Johs. Bjørkeli og Gro Seland, Reddet bygda fra neddemming, artikkel i Fædrelandsvennens lørdagsmagasin God Helg 25. oktober 2014
- Olav Bø, Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum, Det Norske Samlaget, 1991, side 159–165
- Sigmund Skomedal, I skiftende tider, Otteraaens Brugseierforening, 1985, side 84–85
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgeve av Valle kommune, 1994, side 590–593
- Knut Gjerden (red.), Kampen om Bykildammen, kapittel i Bykle kultursoge, utgjeve av Bykle kommune, 1993, side 200–2018