Olav Bø (1918)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olav Bø
Født: 19. mai 1918
Død: 26. juli 1998 (80 år)

Olav Bø (fødd 19. mai 1918 på Bø i Bygland, død 26. juli 1998 i Bærum) var professor i folkeminnevitskap ved Universitetet i Oslo. Han var son til gardbrukar Jørund Telleivson Bø (1869–1947) og Siri Olavsdotter Dale (1887–1971). Siri kom frå husmannsplassen Apleknodden på Bø. Gift 16. desember 1950 med adjunkt Inger Mathilde Hylleraas (8. desember 1927–), dotter til professor Egil Hylleraas (1898–1965) og Magda Christiansen (1900–87).

Han tok eksamen artium på Hornnes landsgymnas i 1938, deretter gjekk han på befalsskule i Kristiansand. Under krigen tok han lærarutdanning i 1942 og var lærar eit år i Mandal. Han var med i Milorg, og den siste krigsvinteren sat han i tysk fangenskap på Grini. I 1946 fekk han plass på Krigsskolen, men valde å studere filologi. I 1950 tok han hovudfagseksamen i norsk på ei avhandling om Johannes Skar. I 1955 tok han doktorgraden på avhandlinga Heilag Olav i norsk folketradisjon. I 1974 vart han professor i folkeminnevitskap. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1963.

Året før han døydde, heldt han foredrag om Johannes Skar og folketradisjonen på eit seminar i Valle med særleg vekt på heimbygda Bygland.

Heider[rediger]

  • Norges almenvitenskapelige forskningsråds pris for populærvitenskapelig innsats 1983
  • Heidersmedlem Det Norske Samlaget 1983
  • Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1988

Bibliografi[rediger]

  • Johannes Skar. Gudbrandsdølen som skapte «Gamalt or Setesdal». Olaf Norlis forlag. Oslo 1953.
  • Heilag Olav i norsk folketradisjon. Det Norske Samlaget. Oslo 1955. (Doktorgradsavhandling.)
  • Faksar og kyrkjerestar. Norsk Folkemuseum. Oslo 1959.
  • Norsk skitradisjon. Norsk kulturarv 1. Det Norske Samlaget. Oslo 1966.
  • Norsk eventyrbibliotek 1 – 12, Redigert av Brynjulf Alver, Olav Bø, Reimund Kvideland og Mortan Nolsøe. Oslo 1967 – 1981.
  • Vår norske jul. Det Norske Samlaget. Oslo 1970. ISBN 82-521-1076-2
  • Folkemedisin og lærd medisin. Norsk medisinsk kvardag på 1800-talet. Det Norske Samlaget. Oslo 1972.
  • Utsyn over norsk folkedikting. Det Norske Samlaget. Oslo 1972. ISBN 82-521-0071-6
  • (Saman med Ørnulf Hodne): Norsk natur i folketru og segn. Norsk kulturarv 11. Det Norske Samlaget. Oslo 1974. ISBN 82-521-0359-6
  • Norske årshøgtider. Universitetsforlaget. Oslo 1980. ISBN 82-00-05334-2
  • Setesdal. Folk, kunst og tradisjon. Grøndahl & Søn. Oslo 1980. ISBN 82-504-0427-0
  • (Saman med Ronald Grambo, Bjarne Hodne og Ørnulf Hodne): Norske Segner. Segner i utval med innleiing og kommentarar. Det Norske Samlaget. Oslo 1981. ISBN 82-521-2019-9
  • (Saman med Ronald Grambo, Bjarne Hodne og Ørnulf Hodne): Norske Eventyr. Med innleiing og kommentarar. Det Norske Samlaget. Oslo 1982. ISBN 82-521-2213-2
  • Folketradisjon og kulturarv. Det Norske Samlaget. Oslo 1988. (Festskrift til 70-års dagen med artiklar av Olav Bø) ISBN 82-521-3155-7
  • Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum. Det Norske Samlaget. Oslo 1991. ISBN 82-521-3687-7
  • Johan Grøttumsbråten – skikonge og motstandsmann. Universitetsforlaget. Oslo 1999. ISBN 82-00-45240-9

Om Olav Bø[rediger]

  • Knut Kolsrud, Bjarne Hodne, Ronald Grambo og Anne Swang (red): Tradisjon og samfunn. Festskrift til professor Olav Bø på 60-års dagen 19. mai 1978. Universitetsforlaget. Oslo 1978. ISBN 82-00-01798-2

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]